Nav
Ørsta, Norway
Vil du vere med og utvikle betre samhandling mellom Nav, kommunane og opplæringsløp for å få fleire ut i arbeid og utdanning? Vi søkjer ein strukturert og målretta prosjektleiar som kan drive fram eit viktig utviklingsarbeid i kommunane Ørsta og Volda. Prosjektstillinga skal bidra til betre samhandling og koordinering på tvers av Nav, kommunane og fylkeskommunen. Målet er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet. På sikt er målet å bidra til auka bemanning og ei meir berekraftig teneste
Arbeidsoppgåver Som prosjektleiar får du eit overordna ansvar for å utvikle, koordinere og følgje opp eit felles deltakarforløp. Du skal sikre framdrift, struktur og kvalitet – både på systemnivå og i oppfølging av den enkelte deltakar Stillinga er i første omgong eit toårig engasjement, men det kan verte høve til lenging dersom føresetnadane for det ligg...