Nav
Volda, Norway
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast. Helse Møre og Romsdal har behov for jordmødre og jordmorstudenter til ulike ferievikariat sommaren 2027. Det er behov i perioden f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34. Det er behov ved følgande seksjonar: Føde og barsel SNR Føde, barsel og gyn. pol. Volda Føde og barsel Ålesund Informasjon til søkjaren Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon...