Nav
Volda, Norway
Avdeling Bu og Habilitering består av samlokaliserte bustadar, avlasting og dagsenter for personar med utviklingshemning. Blåbærhaugen er kommunen si avlasting for mennesker med funksjonsnedsettingar som bur heime. Føremålet er å gje pårørande nødvendig kvile og fritid. Samstundes leggje til rette for at brukarane får gode opplevingar, utvikling og ein meiningsfull fritid i trygge omgjevnader. Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid. Vi har 1 stk. 100% miljøterapeut stilling ledig på barneavlasting/barnebustaden.
Arbeidsoppgåver Målretta miljøterapeutisk arbeid med den enkelte brukar Delta i daglege aktivitetar med brukarane Primærkontakt-/ koordinator oppgåver Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak Stille spørsmål og...