WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

175 barnehagelærar jobb hittade

Filtrera sökning
Aktuell sökning
Heltid barnehagelærar
Nav
19/11/2026
Heltid
Barnehagelærar 
Nav Aurland, Norway
Har du lyst til å bidra til eit godt oppvekstmiljø? Me har ledig 100% mellombels stilling som barnehagelærar i Aurland barnehage i perioden 01.02.27 - 14.08.27. Er du ein engasjert barnehagelærar som brenn for barna sin utvikling, leik og læring? Då ynskjer me deg med på laget vårt! I Aurland barnehage jobbar me for at alle barn skal oppleve tryggleik, meistring, vennskap og glede i kvardagen. Me ser etter ein positiv og engasjert barnehagelærar som vil vere med å skape gode opplevingar og eit inkluderande oppvekstmiljø. Aurland barnehage er ein moderne og funksjonell barnehage som stod ferdig i mars 2022. Me har fire avdelingar, 51 barn og 16 tilsette. Barnehagen ligg fint til med nærleik til skule, bibliotek, fleirbrukshall og flotte naturområde. Med naturen tett på har me gode moglegheiter for leik, utforsking og læring ute, og me ynskjer oss ein kollega som ser verdien av å ta naturen i bruk saman med barna. Hjå oss får du høve til å bidra med din kompetanse, dine idear og...
Nav
11/11/2026
Heltid
Pedagogisk leiar/ Barnehagelærar
Nav Onarheim, Norway
Vil du vere med og skape ein trygg, inspirerande og meiningsfull kvardag for barn? Tysnes kommune har ledig to faste stillingar i 100 % som pedagogisk leiar og barnehagelærar. Barnehagane i Tysnes kommune er kommunale og ligg i bygdene, Våge, Lunde, Uggdal og Onarheim. Barnehagane fokuserer på eit trygt og inkluderande miljø der leik, omsorg og læring står sentralt. Vi legg vekt på å gi barna gode opplevingar i eit trygt fellesskap. Barnehagane er organisert under oppvekstområde i kommunen. Kvar barnehage har sitt eige preg og nærmiljø, samstundes som dei samarbeider om kvalitet og utvikling av barnehagetilbodet. Arbeidsstad er ikkje fastsett på førehand. Tilsetting blir gjort i Tysnes kommune, og det blir avklart kva barnehage du skal arbeide i ut frå behovet i kommunen. Arbeidsoppgåver Arbeide i tråd med barnehageloven, rammeplanen, årsplanen og barnehagen sine satsingsområde. Vere ein tydeleg og varm rollemodell overfor barn og vaksne. Bidra til godt og nært samarbeid...
Nav
10/11/2026
Heltid
Barnehagelærar 100% fast stilling og barnehagelærar 100% vikariat i Rosendal frå 1.12.2026
Nav Rosendal, Norway
Vil du bruke fagkunnskapen din der den verkeleg betyr noko – i møte med nysgjerrige, leikne og kloke ungar? Til vår barnehage i Rosendal søkjer vi ein barnehagelærar i vikariat som har lyst til å bidra inn i eit engasjert og inkluderande fagmiljø. Hos oss får du kombinere pedagogisk kvalitet med humor, leik og varme – akkurat slik vi meiner ein god barnehagekvardag skal vere. Om oss Vi er ein privat barnehage som er del av ei større barnehagekjede med sterkt fokus på tidleg barndomsutvikling, pedagogikk og kvalitet. Det betyr at du både får det nære, lokale miljøet i Rosendal, og fordelane ved å vere del av ein større fagleg familie som heile tida er opptatt av læring og utvikling. Verdiane våre er lek, læring, nysgjerrigheit, tryggleik og omsorg – og vi trivst best når kvardagen er prega av stabilitet, tillit og engasjement. Vi jobbar systematisk med kvalitet og profesjonell utvikling basert på anerkjende pedagogiske metodar og forskingsbasert kunnskap. Samtidig er vi...
Nav
07/11/2026
Heltid
Barnehagelærar 100% Valle og Hylestad barnehagar,Valle kommune
Nav Valle, Norway
Vil du ta fagleg ansvar og vere med på å utvikle ein barnehage der omsorg, inkluderande leik og meistring står sentralt? Valle kommune er i vekst, og me gleder oss over aukande barnetal i barnehagen. Med visjonen «Robuste barn i leikande miljø» søkjer Valle og Hylestad barnehagar ein fagleg engasjert barnehagelærar til eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til og med 8. august 2027. Saman med pedagogisk leiar får du medansvar for å planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet. Me arbeider med kunnskapsmodellen som eit felles fagleg grunnlag, med barnet sine behov som utgangspunkt for tilrettelegging og samarbeid med føresette. Helsefremjande oppvekst er eit sentralt satsingsområde. Gjennom inkluderande leik, fysisk aktivitet og varierte uteopplevingar fremjar me tryggleik, tilhøyrsle, rørsleglede og meistring. Målet er å fremje trivsel og utvikling og bidra til å utjamne sosiale forskjellar. Barnehagen er organisert i to einingar, Valle og...
Nav
06/11/2026
Heltid
Barnehagelærar - 100 % vikariat - Marihøna barnehage
Nav Frekhaug, Norway
Om stillinga Marihøna barnehage har ledig vikariat som Barnehagelærar.  Stillinga er ledig nå med varigheit fram til 06.08.27 med muligheit for forlenging. Søknader blir vurdert fortløpande. Arbeidsoppgåver / ansvar: Skape eit godt barnehagemiljø for alle barn Setje i verk og leie det pedagogiske arbeidet med eit berekraftig fokus Om barnehagen Marihøna barnehage ligg plassert sentralt ved Frekhaug senter, med kort veg til busshaldeplass og hurtigbåtkai. I området rundt barnehagen har vi tilgang til fine turområde med skog, sjø og fjell, samt tilrettelagde leikeområde og bibliotek.   Kompetanse Godkjent utdanning som barnehagelærar. Gjerne erfaring frå arbeid i barnehage Eigenskaper Vi leiter etter ein pedagog som passer inn i personalgruppa vår, tilfører oss noko og som kan vere med å utvikle oss og satsingsområda våre. er raus, tydeleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. er god på relasjonar til barn, føresette og kollegaer Politiattest I tråd med jf....
Nav
04/11/2026
Heltid
Fast stilling 100% som barnehagelærar
Nav Leikanger, Norway
Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1300 medarbeidarar. I Sogndal kommune er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar  Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God - Nysgjerrig.  Det er ledig stilling i eitt års vikariat som pedagogisk leiar og ei stilling i vikariat som barnehagelærar i Nybø barnehage i  Sogndal kommune.  Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum.  Barnehagen ligg like ved riksvegen med busstopp rett ved begge einingane. Det er gode buss samband mellom Sogndal sentrum og Leikanger, og mellom Balestrand og Leikanger. Busstidene passar bra med opningstida...
Nav
04/11/2026
Heltid
Evanger barnehage søkjer barnehagelærar
Nav Evanger, Norway
Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Tiltreding er ynskjeleg frå 1. desember eller etter avtale. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.» Me tilbyr rekrutteringstillegg kr 20 000 for barnehagelærar i 100%  faste stilling ved fyrstegongs tilsetting i Voss  herad. årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad gode vilkår for fagleg utvikling eit godt tverrfagleg og sosialt miljø ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre gode kollegaer og eit...
Nav
31/10/2026
Heltid
Barnehagelærar i Golvsengane
Nav Nordfjordeid, Norway
Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale.  Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand...
Nav
31/10/2026
Heltid
Barnehagelærar i Selje
Nav Selje, Norway
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Selje barnehage er ein kjekk og inspirerande arbeidsplass, og vi har no ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 04.01.2027.  Barnehagen ligg sentralt i sentrum av Selje og har eit mangfald av barn frå ulike land og kulturar. Barnehagen har tre avdelingar, Tyttebærtua, Blåklokka og Solsikka, med om lag 50 barn og 15 tilsette. Hos oss får du vere med på å utvikle og tilpasse det pedagogiske arbeidet i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og trivsel både for barn og personale. Barnehagen vår ligg i naturskjøne omgjevnader, med kort veg til hav, fjell og flotte turområde – ein perfekt plass for barn å vere ute og oppleve naturen på nært hald. Som barnehagelærar hos oss får du ansvar for å arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske arbeidet, og du vil vere ein viktig del av eit engasjert team...
Nav
27/10/2026
Heltid
Vikariat barnehagelærar, 2. gongs utlysing
Nav Vatne, Norway
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til skog, fjell og fjøre – som blir aktivt brukt  gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette fordelt på seks basar per idag. Vi har eit godt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement. Per idag er vi lokalisert på gamle Vatne barneskule, i påvente av utbygging i Tennfjord.  Vi søker deg som er aktiv, leiken, omsorgsfull, fagleg engasjert og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt. Er du brennande engasjert i barn og ønsker å bidra til å gi dei ein god oppvekst ? Då håper vi at akkurat du skal søke på stillinga hos oss. Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Arbeidsoppgåver Medansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på avdelinga/ basen, i tråd med ramme - og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for...
Nav
03/11/2026
Heltid
Er du ein dyktig barnehagelærar som set barna sitt beste i fokus? Då må du søkje jobb hos oss!
Nav Ål Municipality, Norway
Vi søkjer vikar som pedagogisk leiar i Sundre barnehage frå 01.02.27 tom 31.12.27, med moglegheit for fast stilling. Drøymer du om ein jobb der du kvar dag får vere tett på leik, utvikling og livsglede? Der du kan bruke fagkunnskapen din til å skape ein barndom fylt av meistring, utforsking og gode opplevingar? Då kan Sundre barnehage vere arbeidsplassen for deg. Midt i hjartet av Ål finn du ein levande og framtidsretta barnehage med seks avdelingar, engasjerte medarbeidarar og eit læringsmiljø som inviterer til nysgjerrigheit og opplevingar året rundt. Her har barna tilgang til eit stort og variert uteområde med eigen leirplass, potetåker og grønsakshagar. Rett utanfor gjerdet ligg Ål skulepark med hinderløype, klatrestativ og aktivitetsområde, og vi har kort veg til både bibliotek, kulturhus og idrettspark. Kven er vi? I Sundre barnehage arbeider vi ut frå visjonen til Ål kommune; «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige.»   Det handlar om å gi barn ein...
Nav
13/11/2026
Heltid
Barnehagelærarar på Flatraket 
Nav Flatraket, Norway
Er du engasjert og omsorgsfull, og ønskjer å bidra til å skape ein trygg, kreativ og utviklande kvardag for barn? Flatraket barnehage har ledig 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 18.03.2027.  Barnehagen ligg sentralt på Flatraket, med gangavstand til skule, butikk, fotballbane og ein nydeleg natur med både fjell, skog og fjøre  som vi lettvint kan gjere oss nytte av. Vi har eit tett samarbeid med skulen, og har mange felles aktivitetar gjennom året. Barnehagen har dette året ei avdeling (frå 1-6 år), med 14 barn og 4 tilsette.  Flatraket barnehage ønskjer å vere ein barnehage der alle barn og vaksne skal trivast og utvikle seg.   Vi ynskjer å skape ein god og trygg kvardag for barn, foreldre og tilsette. Vi ynskjer å møte det einskilde barnet og familien med openheit og respekt. Vi ynskjer at kvardagane skal vere prega av glede og humor.    Alt dette kan DU vere med på å vidareføre og utvikle, i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.  Som barnehagelærar hos...
Nav
18/11/2026
Heltid
Barnehagelærar
Nav Ulvik, Norway
Ulvik barnehage ligg på Lekve, ca to km. frå Ulvik sentrum. Her er eit stort og flott uteområde, med tilgang til eit rikt nærmiljø med både natur- og kulturopplevingar. Barnhagen har fire avdelingar, to småborns- og to storbornsavdelingar, med plass til rundt 60 born tilsaman. Ulvik herad er ein heilskapleg kommune, der barnehagen er ein sentral del av fellesskapet. I barnehagen skal dei yngste innbyggjarane møta ein trygg arena for utvikling, leik og samspel. Me legg stor vekt på høg fagleg kvalitet og jobbar aktivt for at dei tilsette får utvikla og vidareutvikla kompetansen sin.   Ulvik herad har starta bygging av ny barnehage. Ulvik herad er i tiltaksone for nedskriving av studiegjeld   Hovudsatsing  for barnehagen er inkluderande barnehagemiljø og berekraft, samt  uteaktivitet og natur som læringsarena.  Målet til Ulvik barnehage er også «Ein stad der alle trivst» leiken står sentralt i alt me gjere.   Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me søkjer etter...
Nav
14/11/2026
Heltid
Barnehagelærer 100 % fast stilling Prestemarka barnehage
Nav Skodje, Norway
Prestemarka barnehage har ledig 100 % fast stilling for barnehagelærar frå august 2026.  Prestemarka barnehage ligg på Skodje i Ålesund kommune. Med allsidig natur på alle kanter og nærhet til skule, bibliotek og idrettshall.  Prestemarka barnehage er organisert i felles verksemd med fem andre barnehager, med egen styrer på kvar barnehage. Arbeidsoppgåver Barnehagelærar har medansvar for å iverksette og lede det pedagogiske arbeidet på si avdeling i tråd med aktuelt lovverk. Barnehagelærar har medansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av det pedagogiske arbeidet i si barnegruppe eller innafor dei områda ein blir sett til Kvalifikasjonar For stilling som barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. For å bli fast eller...
Nav
19/11/2026
Heltid
Pedagogisk leiar, i inntil 100% vikariat
Nav Dalsøyra, Norway
Om stillinga Vil du vere med og skape ein trygg, god og inspirerande kvardag for barnehagebarn?  Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Hovden barnehage , søkjer etter i inntil 100% vikar som pedagogisk leiar frå snarleg/etter avtale til medio august 2027.   Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Klikk deg inn her for å sjå meir om barnehagen i Hovden.  Barnehagane i Gulen har:  Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar Godt arbeidsmiljø Tilbod om rettleiing Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar  Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og...
Nav
10/11/2026
Heltid
ID 1075 Pedagogisk leiar 100% vikariat ut barnehageåret i Svingen barnehage
Nav VESTLAND
Svingen barnehage har ledig 100 % vikariat som barnehagelærar frå 25.12.2026 til 31.07.2027. Svingen barnehage har eit flott nybygg som sto ferdig hausten 2023. Dette er ein kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum, og har to basar som i år har delt seg i 5 grupper. Barnehagen ligg i eit vakkert naturområde nær bustadområdet Rossneset. Den ligg fint plassert i ei naturtomt med kort veg til utmark, sjø, skog og fjell. Dei tilsette er opptekne av å skape eit godt fagleg og sosialt miljø. I dei to neste åra skal barnehagen vera med i eit læringsmiljøprosjekt initiert av UDIR og statsforvaltaren i Vestland. Alle barnehagane og skulane i Fitjar kommune skal delta her. Hovudoverskrifter i prosjektet er psykososialt barnehage- og skulemiljø. Kvalifikasjonar: Barnehagelærar Eventuell anna pedagogisk utdanning på høgskulenivå med tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk på 60 studiepoeng. God IKT kompetanse Arbeidsoppgåver:...
Nav
10/11/2026
Heltid
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Nav Eikelandsosen, Norway
Vi har ledig stilling som barnehagelærar i 100 % fast stilling, frå snarast. Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng at du er strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobber målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på språk, ASK, leik, inkluderande barnehagemiljø og berekraftig utvikling.   Arbeidsstad Jettegryto barnehage ligg sentralt til i Eikelandsosen. Barnehagen har 20 tilsette og 73 barn fordelt på 5 avdelingar. I 2023 flytta vi inn i eit nytt og moderne bygg, vi har innbydande lokaler, eit fantastisk uteområde og moglegheit for bemanna plantid. Barnehagen har kort veg til sjø, skog og fjell noko som innbyr til både leik og turar i nærmiljøet. Arbeidsoppgåver - Ansvar for eit godt pedagogisk tilbod til barna, og for å...
Nav
06/11/2026
Heltid
Er du klar for ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Nav Hjelmelandsvågen, Norway
Vil du bli med på laget i Hjelmelandsbarnehagen? Som eit ledd i å auke andelen barnehagelærare i tråd med nasjonale mål, har me ledig fast stilling i 100 % frå januar 2027.  Hjelmeland barnehage er under utbygging og me skal i løpet av januar "fusjonera" frå to til eitt bygg. Utbyggingsdelen vert den nye administrasjonsavdelinga, der det vert gode fasiliteter for tilsette, med blant anna felleskontor for barnehagelærare.  I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling. Me søkjer ein barnehagelærar som gjennom sitt engasjement og faglege grunnlag er med på å skapa ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for...
Nav
04/11/2026
Heltid
Vikariat: Pedagogisk leiar
Nav Leikanger, Norway
Velkommen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1300 medarbeidarar. I Sogndal kommune er det totalt 14 barnehagar, der 11 av barnehagane er kommunale barnehagar. Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: Samskapande – Open – God – Nysgjerrig.  Det er ledig stilling i eitt års vikariat som pedagogisk leiar og ei stilling i vikariat som barnehagelærar i Nybø barnehage i Sogndal kommune.  Nybø barnehage ligg i Leikanger, omlag 20 kilometer frå Sogndal sentrum.   Barnehagen ligg like ved riksvegen med busstopp rett ved begge einingane. Det er gode buss samband mellom Sogndal sentrum og Leikanger, og mellom Balestrand og Leikanger. Busstidene passar bra med...
Nav
12/11/2026
Heltid
Voss barnehage søkjar deg!
Nav Vossevangen, Norway
Voss barnehage søkjer ein engasjert fagarbeidar til ei 100 % vikariat med snarleg oppstart. Stillinga varer fram til 31.07.2027 (kan verta forlenga).Du blir del av eit tverrfagleg team som arbeider tett opp mot tre barn med autisme. Teamet er sett saman av barnehagelærarar og fagarbeidarar. Hjå oss møter du dyktige kollegaer og  vakker natur rett utanfor døra. Me har eit fagmiljø som er oppteke av utvikling, og er i oppstarten av eit prosjektarbeid med "Kollektiv kompetanseheving". Dette er eit samarbeid med høgskulen på Vestlandet med fokus på barnehagen som ein lærande organisasjon.  Me har òg stort fokus på tilbakemeldingskultur i barnehagen. Lesing og språkutvikling er felles satsingsområde for dei kommunale barnehagane i heradet, der me har som mål at alle barn skal bli lest for kvar dag. Barnehagen sin eigen visjon er "Vennskap og meistring"; at alle born skal ha nokon å leika med , og oppleva meistring kvar dag. Voss barnehage har 104 barn og vi er 37 tilsette....
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway