Nav
Vestland, Norway
Vi har ledige stillingar med arbeid i turnus for engasjerte sjukepleiarar/vernepleiarar som vil vere med å bidra til utvikling av tenestene ved Luranetunet bu- og behandlingsenter, er det deg? Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar. Som tilsett på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingar. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område. Du får jobbe tverrfagleg og blir godt kjent med alle yrkesgrupper og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst. Kvifor jobbe ved Luranetunet Du vil få store variasjonar i arbeidsoppgåver og gode muligheter for å bygge kompetanse Luranetunet har eit lærande miljø med mange...