WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

32 sjukepleiar jobb hittade i Ålesund

Filtrera sökning
Aktuell sökning
Ålesund sjukepleiar
Sök inom
50 kilometer
10 kilometer 20 kilometer 50 kilometer 100 kilometer 200 kilometer
Sortera på Anställningsform
Heltid  (20) Deltid  (12)
Nav
08/07/2026
Deltid
Sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern! Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stilling som sjukepleiar. Oppstart 11. august. Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg. Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Som medarbeidar hos oss vert du del av eit fagmiljø som legg stor vekt på: kvalitet og fagleg tryggleik samarbeid og godt arbeidsmiljø kontinuerleg utvikling og forbetring tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta Seksjonen høyrer til i Avdeling for sjukehuspsykiatri...
Nav
07/07/2026
Heltid
Sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: 1 x 100 % fast stilling 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.  Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er...
Nav
07/07/2026
Heltid
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Ved akuttmottak i Ålesund har vi ledig stilling og søkjer sjukepleiar med relevant vidareutdanning/erfaring. Vi har no ledig tre faste stillingar med stillingsprosent på 80 %, 90 % og 100 %. Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige. Vi søkjer deg som ønsker å bidra med avansert sjukepleie til akutt og kritisk sjuke pasientar.  Akuttmottak i Ålesund er det største mellom Bergen og Trondheim, og tek årleg imot omlag 15.500 pasientar. Pasientane er alle øyblikkelig hjelp, både barn og vaksne, med kontaktårsak innan fagområda medisin, kirurgi, ortopedi, hematologi og onkologi. I visse delar av døgnet har vi også funksjon som øyblikkelig hjelp skadepoliklinikk. Store fagområde som krev brei kompetanse. Akuttmottak er ei beredskapsavdeling med høg kompetanse innen mottak av kritisk dårlige TEAM pasienter. Vi tar imot TRAUME-, MET-, barn-, slag- og hjertestansteam. Trivs du med ein variert arbeidskvardag, har evne til rask omstilling og ønskjer å bidra med fagleg...
Nav
04/07/2026
Heltid
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Vi har ledig fast stilling og vikariat med eit års varigheit for Spesialsjukepleiar/sjukepleiar med oppstart frå 17.08.26 eller etter avtale! 1 x 77,5% fast stiling 1 x 100% vikariat 1 x x80% vikariat 1 x 75% vikariat Seksjon for Nyfødt intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus er ein spennande arbeidsplass med 13 pasientplassar. Fire av disse plassane er brukt til høgintensiv behandling og seks plassar er til intermediær behandling. Vi har også familierom hos oss og digitalt hjemmesykehus.   Vi dekkjer nyfødt-tilbodet i heile Møre og Romsdal fylke. Vi behandlar premature barn frå svangerskapsveke 26 samt alle andre sjuke, nyfødde born.   Seksjonen har eit godt arbeidsmiljø med flotte, dedikerte og fagleg sterke medarbeidarar. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeid både i avdelinga og på tvers i klinikken. Det blir gitt god opplæring over 6 veker ved nytilsetting. Interne omrokkeringer kan gi andre ledige stillingar.  Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt...
Nav
02/07/2026
Deltid
Sjukepleiar/vernepleiar
Nav Ålesund, Norway
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år.  Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.  Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering Deltaking i tverrfagleg team Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga Ønskeleg med relevant...
Nav
27/06/2026
Heltid
Sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig eit kombinert 100% vikariat med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar, og Medisinsk sengepost 2. 80 % av stillinga er ved Medisinsk poliklinikk f.t Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar og 20 % av stillinga er ved medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar. Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Til poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet. Vi har etablert screeningsenter for tarmkreft og Behovsstyrt oppfølging IBD Som sjukepleiar ved poliklinikken vil du...
Nav
04/07/2026
Deltid
Sjukepleiar 52 % og 61 % fast stilling, natt
Nav Langevåg, Norway
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar. Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta. Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.  Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar. Oppgi i søknaden om du ønsker...
Nav
20/06/2026
Deltid
Autorisert sjukepleiar 85% fast stilling.
Nav Langevåg, Norway
*Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 minutt å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken. *Avdelinga har ledig ei fast stilling  for autorisert sjukepleiar frå -17.08.26.- Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter  kan påreknas om ønskeleg.  *2 delt turnus, valgfritt med langvakter kvar 4 helg eller tradisjonelle vakter kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00. Arbeidsoppgåver *Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe. *I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell , sjukepleie prosedyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane. *Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny.  Ta gjerne ein telefon for meir informasjon, eller for å...
Nav
20/06/2026
Deltid
Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun - nattstilling
Nav Vartdal, Norway
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?  Ved Vartdal helsetun er det ledig fast 66 % fast stilling på natt for off. godkjent sjukepleiar. Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.  Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga. Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs. Vi er stolte at å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse...
Nav
07/07/2026
Deltid
Sjukepleiar - fast stilling på natt
Nav Tennfjord, Norway
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode...
Nav
01/07/2026
Deltid
Sjukepleiar - fast stilling på natt x 2
Nav Tennfjord, Norway
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har...
Nav
30/06/2026
Heltid
Off. godkjent sjukepleiar Ørstaheimen, avd. Vallstova
Nav Ørsta, Norway
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ved Vallastova har vi ledig vikarstilling for perioden d.d.- 15.05.2026. Vallastova er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar som vil trivast i eit hektisk miljø der ein må kunne omstille seg raskt. Du må kunne jobbe sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer som støttar kvarandre gjennom heile vakta.  Vi arbeider målretta for å gi individuell pleie og omsorg av høg kvalitet, med fokus på å styrke brukaren si eiga meistringsevne. Fagkompetanse er til stades heile døgnet og året rundt, og vi nyttar oppgåvedeling for å sikre effektiv og fagleg forsvarleg tenesteyting. Ved god kapasitet på eiga avdeling kan arbeidsoppgåver bli lagt til andre avdelingar, og det må påreknast å bidra på...
Nav
02/07/2026
Heltid
Sjukepleiar i heimetenestene
Nav Volda, Norway
Faste stillingar og vikariat for sjukepleiar – Ambulerande heimetenester, Volda  Vi søkjer engasjerte og fagleg dyktige sjukepleiarar til følgjande stillingar i ambulerande heimetenester, med base i Volda sentrum: 100 % fast stilling med turnus per tida dag/natt.  90 % fast stilling med turnus per tida dag/natt  100 % vikariat med turnus per tida d/k.  Frå 01.08.2026-31.08.2027. Om stillingane : Oppstart på alle stillingar er 01.08.2026 Med oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar sjølvstendig og i tett samarbeid med andre faggrupper. Du blir ein del av eit kompetent team som har fokus på kvalitet, fagleg utvikling og gode tenester for heimebuande. Vi tilbyr: ✔ Faste stillingar og vikariat i eit utviklande fagmiljø ✔ Varierte arbeidsdagar med spanande utfordringar ✔ God opplæring, rettleiing og fagleg støtte ✔ Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø 👉 Oppgi i søknaden kva stilling du primært søkjer på. Søk no og bli ein del av vårt dyktige...
Nav
04/07/2026
Heltid
Sjukepleiar 100 % + 50 % stilling ved Ørskog omsorgssenter
Nav Ørskog Municipality, Ålesund Municipality, Norway
Ørskog omsorgssenter treng fleire sjukepleiarar. Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar på dag/aften og 50 % stilling på natt, med arbeid kvar 3. helg. Nattevaktsstilling er delt mellom arbeid inne på institusjon og ute i nattpatruljen. Dette er ei varierande stilling med mange utfordringer. Ørskog omsorgssenter har 17 sjukeheimsplasser fordelt på to avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, ei avdelingar med langtidsplassar/ kortidsplassar/avlastning. Vi har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Vi er ein mindre institusjon med eit godt arbeidsmiljø, så her vil ein bli godt ivaretatt.  Ørskog omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis....
Nav
27/06/2026
Heltid
Sjukepleiar 2 x 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste
Nav Ørskog Municipality, Ålesund Municipality, Norway
I distriktet Ørskog, har vi ledig  2 x 100 % faste stillingar som sjukepleiarar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg. Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter. Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter.  Vi har eit tett samarbeid med Ørskog omsorgssenter. Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp...
Nav
27/06/2026
Heltid
Sjukepleiarar ved Skodje omsorgssenter
Nav Skodje, Norway
  Skodje omsorgssenter har ledige sjukepleiestillingar: 1 x 100 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. 1 x 85 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg. 1 x 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar. Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, to somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning. Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss. Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje...
Nav
10/07/2026
Deltid
Otta /Karvestova ,Volda Omsorgssenter har ledig 92 % fast st for sjukepleiarar.
Nav Volda, Norway
Vi søker etter initiativrike og engasjerte sjukepleiarar,, som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Opnar opp for at Autoriserte vernepleiar og kan og søke. Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.  Vi har ledig 92 % fast st på  Otta-/Karvestova på Volda Omsorgssenter,, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring. Otta /Karvestova er ei somatisk langtidsavdeling med 19 bebuerar fordelt på 2 grupper.  Vi har f.t 2 delt turnus, med arbeid kvar 3 hel. Vi er no i eit TØRN prosjekt, der vi jobbar  mot Årsturnus og langvakter på helg.  Arbeidsoppgåver Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til...
Nav
25/06/2026
Heltid
Miljøarbeidar i 100 % fast stilling – Avdeling Nymarkvegen
Nav Langevåg, Norway
Sula kommune, Bu- og aktivitetstenesta søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar til ei 100 % fast stilling knytt til oppfølging av ei ung dame i avdeling Nymarkvegen. Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike former for nedsett funksjonsevne. Tenestemottakarane har funksjonsnedsetjingar som følgje av medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar mellom anna praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetjing og aktivisering, opplæring ved arbeidssenter og dagsenter, privat avlasting og avlasting i institusjon, støttekontakttenester og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). I denne stillinga vil du vere ein viktig del av eit fagleg og engasjert team som arbeider for å skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for tenestemottakaren. Gjennom målretta miljøarbeid og tett oppfølging skal du bidra til meistring, deltaking og livskvalitet. Stillinga inngår i tredelt turnus med dag-, kvelds- og nattevakter. Turnusen...
Nav
30/06/2026
Heltid
Miljøterapeut  
Nav Brattvåg, Norway
Butenesta i Haram søkjer miljøterapeut i 2x 100 % fast stilling. Stillinga er for tida plassert ved Haram bustader 1.  Vi tilbyr spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø. Turnus er for tida dag- og kveldsvakter, samt langvakter kvar 3. helg. Stillinga er ledig frå 17. august -26, eller etter avtale. Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i...
Nav
30/06/2026
Deltid
Tilkallingsvikarar til barnebustad og avlastning
Nav Vatne, Norway
Butenesta i Haram søker tilkallingsvikarar på dag, kveld, natt og helg i barnebustad og barneavlastning. Vi søker etter miljøterapeut, sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar og barn og ungdomsarbeidar. Assistentar som er i eit utdanningsløp kan også søke. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.  Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester. Butenesta skal i ein 4-års periode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Rettleiaren "Gode helse-og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN. Stillingane er ledig omgåande. Haram bustader består av tre...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway