Nav
Eidsnes, Norway
Dei kommunale barnehagane søker tilkallingsvikarar ut året. Vi søker deg som ønskjer å delta i ein barnehagekvardag med omsorg, leik, undring og læring i lag med aktive og nysgjerrige barn. Sula Kommune har fire kommunale barnehagar: Sunde barnehage ligger fint til på Eidsnes og har to avdelingar – 0-3 år og 3-6 år. Barnehage fekk nytt uteområde i 2017 og har ein friluftsprofil. Måseide barnehage finn de i Mauseidvågen med mark, skog og vatn like i nærleiken. Vi har fire avdelingar- to 0-3 år og to 3-6 år. Vårt satsingsområde er språkmiljø. Molvær barnehage ligg idyllisk til ved Geilnesfjøra, med sjøen som næraste nabo. Vi har fire avdelingar - to 0-3 og to 3-6 år. Vi er ein Syngande barnehage, og tema for året er: Les, syng og leik med meg. Langevåg barnehage er ein barnehage med 6 avdelingar som ligg fint til langs molværsvegen i Langevåg. Kom gjerne innom barnehagen for meir informasjon om oss. Du kan lese meir om alle barnehagane på vår heimeside, under Sula Kommune...