WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

182 barne og ungdomsarbeidar jobb hittade

Filtrera sökning
Aktuell sökning
barne og ungdomsarbeidar
Sortera på Anställningsform
Heltid  (97) Deltid  (85)
Nav
10/07/2026
Deltid
Barne- og ungdomsarbeidar - vikariat
Nav Bjordal, Norway
60 % stilling ledig i Bjordal skule/SFO frå 01.08.26 - 27.01.27   2. gongs utlysing Arbeidsoppgåver: - Organisere, lede og gjennomføre arbeid og aktivitetar med barn - Bidra til positivt barnemiljø Skulen samarbeider tidvis med barnehagen om drift av SFO. Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere. Dine kvalifikasjonar/personlege eigenskapar:   - Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn - Norskkunnskapar tilsvarande B1 - Gode kommunikasjonsevner - Evne til å skape gode relasjonar - Fleksibel og samarbeidsvillig Kvifor søkje hos oss?   • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Lønn etter tariff • Rekrutteringstillegg kan tilkomme Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:   Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot...
Nav
04/07/2026
Heltid
Bøfjorden barnehage: Fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar
Nav Bøverfjorden, Norway
Frå 01.08.2026, har vi ledig fast 100% stilling for barne- og ungdomsarbeidar ved Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter, avd. Bøfjorden barnehage frå 01.08.2026. Kvalifikasjonar: - Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Hos oss får du: Kommunale tilsettingsvilkår Opplæring og rettleiing Gode pensjons- og forsikringsordningar Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø     Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.     Besøk oss på Instagram: bofjorden.barnehage                Link til søknadsskjema: Søk her
Nav
03/07/2026
Heltid
Barne- og ungdomsarbeidar
Nav Nordfjordeid, Norway
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid.  Vi ser etter deg som vil være fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og...
Nav
01/07/2026
Deltid
60% stilling som barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Røldal barnehage
Nav Røldal, Norway
Ullensvang kommune har ledig 60% stilling (40% fast og 20% vikariat) som barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Røldal barnehage.  Røldal barnehage er lokalisert til sentrum av fjellbygda Røldal. Røldal barnehage har 15 barn i alderen 1-6 år. Der dei per no er fordelt i stor og liten gruppe. Barnehagen ligg i kjellaren til Røldal Grendahus og fekk våren 2024 ei betydelig oppgradering. Alle vegger er måla, golv er nylagt, nytt kjøkken og fleire av romma er blitt lettare og opnare.  Røldal er kjent for sine flotte fjell, vakre natur og store snømengder. Oppvekstsenteret har tett nærleik til flotte skogar, fjell og turområder. Nærområdet vert mykje brukt til turar og leik.  Me ynskjer oss barne- og ungdomsarbeider / assistent som evner å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barn. I Røldal barnehage ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet.  Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja...
Nav
30/06/2026
Heltid
100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar eller assistent i Rabben barnehage
Nav Odda, Norway
Det er ledig vikariat 100% som barne- og ungdomsarbeider eller assistent i Rabben barnehage frå 17.08.24 - 01.12.26, med mulighet for forlengelse. Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/96 plassar, som ligg på Eide i Odda. Arbeidsoppgåver: vera ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen som ser barnets behov skapa eit godt miljø for utvikling, læring og trivsel ha eit godt og positivt samarbeid med kollegaer og føresette   Ynskte kvalifikasjonar: barne- og ungdomsarbeidar eller assistent erfaring frå arbeid med barn og unge Det vert lagt stor vekt på å vera personleg eigna for stillinga. Vi tilbyr: Interessant og spennande arbeid med barn og unge Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo Lønn etter hovudtariffavtalen Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår.   Krav:  Gode norskkunnskapar, minst tilsvarande nivå A2 i...
Nav
25/06/2026
Heltid
barne- og ungdomsarbeidar
Nav Aurland, Norway
Om stillinga Me har ledig to 100% mellombelse stillingar som barne- og ungdomsarbeidar for komande barnehageår.  Ei stilling er i Flåm barnehage, den andre i Aurland barnehage.  Aurland barnehage er ein funksjonell og moderne barnehage, som var ferdigstilt i mars 2022. Barnehagen ligg nær barne- og ungdomsskule, bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Barnehagen har faste utedagar og eit godt miljø for store og små. Her er fire avdelingar med 16 tilsette og 54 barn. Flåm barnehage ligg fint til på Lunden. Me er ein god og veldriven barnehage med gode moglegheiter for eit aktivt tilbod med skog, fjell og fjord som nærmiljø.  I denne barnehagen er det to avdelingar med 8 tilsette og 27 barn. Me søker deg som er oppteken av å gjere ein forskjell og vere ein aktiv bidragsytar til å skape ein god kvardag for barnehagebarna våre. Me ynskjer at du er engasjert, trygg og oppteken av å skapa meistring i kvardagen. Det er fint om du har erfaring frå arbeid med born, men det er ikkje...
Nav
27/06/2026
Heltid
2 ledige vikariater à 100% som barne- og ungdomsarbeidar / assistent ved Skare barnehage
Nav Skare, Norway
Ledige vikariater som barne- og undomsarbeider/ assistent i Skare barnehage - 100 %,  for barnehageåret 26/27. Oppstart 17.08.26 Hovudarbeidsoppgåver Ha ansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmuligheter for dei. Sørga for eit godt foreldresamarbeid Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn Vere ein god rollemodel for dei andre tilsette, og barna, i barnehagen Ansvar for å medverka til eit godt arbeidsmiljø Utføre arbeid delegert av pedagogisk leiar og styrar   Kvalifikasjonar Utdanning: Barne- og ungdomsfag. Andre kan og verta vurdert i stillinga. Erfaring er ynskjeleg Digitale kunnskaper Personlege eigenskapar- og interesse for faget vektlegges sterkt Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon   Personlege eigenskaper: Evne til å skapa gode relasjon til alle barn Sjå barn, føresette og kollegaer som...
Nav
27/06/2026
Deltid
Barne - og ungdomsarbeider
Nav Kvernaland, Norway
Ådalen barnehage er ein kommunal barnehage på Kverneland med eit sterkt fagmiljø og høg trivsel. Me jobber ut frå visjonen: Alle barn skal ha lyst på livet og evne til å meistre det. Me legg vekt på trygge relasjonar, leikens verdi og eit inkluderande fellesskap. Med varme og tilstadeverande vaksne og eit flott uteområde i dagleg bruk, skaper me ein aktiv og meiningsfull kvardag for både barn og tilsette. Hos oss møter du eit engasjert personal som samarbeider tett, som byr på seg sjølv, og som er opptatt av å gjera kvarandre gode i eit godt og trygt arbeidsmiljø.  Stillinga er i første omgang 40 %, med moglegheit for auka stillingsprosent etter behov. Arbeidsoppgåver Delta aktivt i det daglege arbeidet med omsorg, leik og læring Bidra til å skape eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for barna Vere ein tydeleg og tilstadeverande vaksen i relasjon med barn og føresette Samarbeide tett med kollegaer om utvikling av praksis og fagleg kvalitet Delta i møter, refleksjon...
Nav
09/07/2026
Heltid
Fagarbeidar i Våge barnehage, 100 % fast stilling
Nav Hellevik i Fjaler, Norway
Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltbarn. Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår. Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage.   Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Ynskjeleg med erfaring frå arbeide med barn i barnehage. Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje og blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev. God norsk kunnskapar både skriftleg og  munnleg. Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding. Personlege...
Nav
09/07/2026
Heltid
Integreringskonsulent - årsvikariat i 100 % stilling
Nav Dale, Norway
Fjaler kommune har ledig eit 100 % vikariat som konsulent i Integreringstenesta, med varigheit på inntil eitt år og moglegheit for forlenging.  Fjaler kommune har busett nærare 120 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem.  Tenesta har i dag éi fast stilling i tillegg til den som no er lyst ut. Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling er næraste leiar og du vil ha kontorstad på kommunehuset i Dale. Som integreringskonsulent hos oss, vil du ha tett samarbeid internt i Integreringstenesta og med andre tenester som vi samarbeider med. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid. Arbeidsoppgåver Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet. Administrative oppgåver som er tillagt integreringtenesta. Vere med å sikre god...
Nav
09/07/2026
Heltid
Miljøarbeidar - Bismotunet bufellesskap
Nav INNLANDET
Vil du gjere ein forskjell i kvardagen til barn, unge og vaksne med funksjonsnedsetjing? Vi søkjer ein engasjert miljøarbeidar som ønskjer å bidra med målretta miljøarbeid, gode relasjonar og fagleg utvikling i eit inkluderande og godt etablert fagmiljø. Hva vi ser etter Kvalifikasjonar Helsefagarbeidar/ barne og ungdomsarbeidar er ynskjeleg. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanningskravet Erfaring med målretta miljøarbeid Godkjent politiattest Førarkort klasse B. Vi vektlegg at du har interesse for barn, unge og vaksne med særskilte behov har evne til å arbeide sjølvstendig, og samtidig vera ein tydeleg og trygg rollemodell har erfaring frå liknande arbeid, og målretta miljøarbeid med barn, unge og vaksne har evne til å skape gode relasjonar har gode samarbeidsevner er fleksibel i høve til omstillingar har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk Arbeidet kan vere...
Nav
05/07/2026
Deltid
Prosjektstilling på ungdomsklubben - 20% i to år
Nav Lonevåg, Norway
Om stillinga Osterøy Ungdomsklubb er ein gratis, open og inkluderande møteplass for ungdommar i alderen 12-19 år.  Klubben er populær, og besøket på ein kveld kan variera mellom 30 og 60 ungdommar. Klubben held til på Kultursmia i Lonevåg, saman med bibliotek og utstyrssentral.      Osterøy kommune har fått tilskot til å vidareføra og utvikla ungdomsklubben på Osterøy. Som del av prosjektet skal klubben utvida til opning kvar veke. Me lyser derfor ut ei mellombels prosjektstilling i 20 % for ein periode på to år. Målet med prosjektet er å vidareutvikla ungdomsklubben i tråd med ungdomane sine behov og ønskje, styrkja ungdomsmedverknaden og leggja til rette for aktivitet og fellesskap. Stillinga inneber arbeid på ungdomsklubben kvar veke, samt deltaking i utviklingsarbeid. Stillinga inngår i eit team og har ikkje aleineansvar for tilbodet. Arbeidsoppgåver delta i ordinær drift av ungdomsklubben bidra til å skapa ein trygg, inkluderande og attraktiv møteplass for...
Nav
04/07/2026
Heltid
Stranda skule
Nav Steinsland, Norway
Om avdelinga:  Stranda skule er ein barneskule på Steinsland sør i Øygarden kommune om lag 20 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Stranda skule er ein nynorskskule. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 278 elevar og 40 tilsette. Visjonen vår er «Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Vi søkjer no ein trygg, kompetent og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillinga omfattar arbeid i skule, SFO og ferie-SFO.  Arbeidsoppgåver: Miljøarbeid i skulekvardagen, individuelt og i gruppe Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg vil vere ein del av arbeidet Bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø i samarbeid med pedagogar og andre fagpersonar Oppfølging av elevar med særskilte...
Nav
04/07/2026
Deltid
Stranda skule
Nav Steinsland, Norway
Om avdelinga: Stranda skule er ein barneskule på Steinsland sør i Øygarden kommune om lag 20 minuttar køyretur frå regionsenteret Straume. Stranda skule er ein nynorskskule. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 278 elevar og 40 tilsette. Visjonen vår er «Trivsel, leik og læring - hand i hand mot framtida.» Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Vi søkjer no fleire trygge, kompetente og relasjonssterke medarbeidar som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevar i ulike aldersgrupper. Stillingane omfattar arbeid i SFO og ferie-SFO. Det er mogleg å utvide stilling til å omfatte arbeid i skule og. Arbeidsoppgåver: Aktiv deltaking i SFO og ferie-SFO, med ansvar for aktivitetar, omsorg og dagleg oppfølging Støtte til elevar med særskilte behov, inkludert ADL-oppgåver. Oppgåver knytt til dagleg stell og omsorg kan vere ein del av arbeidet Bidra til trygge og...
Nav
03/07/2026
Deltid
Vik kommune har ledig 25 % fast stilling i Fresvik barnehage
Nav Vik, Norway
Fresvik barnehage søkjer etter barne- og ungdomsarbeidar til 25 % fast stilling. Tiltreding etter avtale.  Krav til kompetanse Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller tilsvarande. Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Me ser etter deg som:  har evne til å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna er engasjert og omsorgsfull brenn for å jobbe med barn og vil ta ansvar for barn sin trivsel er fleksible og samarbeidsvillig - du trivst med å samarbeide med både kollega og foreldre er ansvarsbevisst - du tek ansvar for barna sin tryggleik og trivsel Løns- og tilsetjingsvilkår Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande regelverk Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato   Andre opplysningar Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden. Søknadsprosedyre Alle...
Nav
03/07/2026
Deltid
Fagarbeidar / assistent
Nav Nordfjordeid, Norway
Gjerdane barnehage har ledig 80 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 15.08.26 til 14.08.27. Ufaglærte kan søkje som assistent.  Gjerdane barnehage ligg nært Eid sentrum i Stad kommune og har fokus på likeverd, sosial kompetanse, språk, relasjonar og leik. Til hausten har barnehagen 71 barn, 12 barnehagelærarar, sju barne- og ungdomsarbeidarar, ein assistent og tre spesialpedagogar/logopedar,  Arbeidsoppgåver Dagleg oppfølging av barna Skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette Kvalifikasjonar Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar Ufaglærte vil bli vurderte til stilling som assistent Personlege eigenskapar Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig Du har evne til å sjå det enkelte barnet Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell- og...
Nav
01/07/2026
Heltid
Er du vernepleiar eller sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
Nav Askvoll, Norway
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Stillingane er knytt til ein brukar med omfattande bistandsbehov. Ein arbeidar i team med 2:1 oppfølging. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Turnusarbeid etter 35,5 t/veke   Ledige faste stillingar i bu- og miljøtenesta: Vernepleiar/sjukepleiar i 100% stilling.  Turnusarbeid etter 35,5 t/veke med arbeid kvar tredje helg Helgestillingar vernepleiar/sjukepleiar, fagarbeidar/assistent:   18% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar tredje helg 21% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar andre helg / kvar fjerde helg 19% helgestilling fagarbeidar med arbeid kvar andre helg    Arbeidsoppgåver: Stillinga gjeld arbeid med ein brukar med nedsett funksjonsevne Teamarbeid med 2:1 oppfølging Direkte tenesteyting i samsvar med...
Nav
01/07/2026
Deltid
Vassenden skule har ledige stillingar
Nav Vassenden, Norway
Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO.  Vi har følgande ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent: 89 % fast stilling frå 4. oktober 2026, med arbeid i skule og SFO 30 % årsvikariat. Hovudsakleg arbeid på ungdomsskule, med arbeid måndag, onsdag og fredag.  16 % årsvikariat i SFO, med arbeidstid måndag og onsdag etter kl. 12.00 Tilsetting skjer med atterhald om fortrinnsrett for kvalifiserte søkarar i kommunen. Krav til søkar: ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ikkje eit krav anna relevant utdanning og/eller relevant praksis kan verte vurdert gode norskkunnskapar munnleg og skrifteleg kunne ta del i fysisk...
Nav
01/07/2026
Deltid
Fagarbeidar i skule og SFO i 50 % fast stilling ved Flekke skule
Nav Flekke, Norway
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og inkluderande kvardag for elevane våre? Flekke skule har ledig ei 50 % fast stilling som fagarbeidar i skule og SFO, med tilsetjing etter avtale.  Vi søkjer etter ein engasjert fagarbeidar som trivst saman med barn, er ein tydeleg og trygg vaksen og ønskjer å bidra til eit godt lærings- og oppvekstmiljø. Om arbeidsplassen Skulen og barnehagen er samlokaliserte og har eit godt samarbeid. Vi har eit roleg og oversiktleg miljø der alle elevane vert godt kjende av dei vaksne. Nærmiljøet vert nytta aktivt, og vi er mykje ute gjennom heile året. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer, der trivsel, samarbeid og utvikling står i sentrum. Arbeidsoppgåver Bidra til eit trygt og godt lærings- og oppvekstmiljø for elevane. Følgje opp og støtte elevar i skuledagen i samarbeid med lærarane. Vere ein trygg og tydeleg vaksen i SFO. Planleggje og gjennomføre leik og aktivitetar i SFO. Bidra til...
Nav
01/07/2026
Deltid
Miljørettleiar og miljøarbeidar
Nav Lonevåg, Norway
Om stillinga Me ser etter deg som er glad i barn og unge, og som ynskjer å vere med å utvikle eit godt og inkluderande skulemiljø. Her vil du arbeide saman med fleire miljøarbeidarar og lærarar for å skapa trygge og gode skuledagar. Stillinga føl skuleruta, med fri på elevfrie dagar (unnateke planleggingsdagar). 80% fast stilling er tiltenkt miljørettleiar. Det vert sett av tid til intervju i veke 31 og 32 Arbeidsoppgåver Miljøarbeid: Skapa tryggleik i friminutta, forebygge utanforskap og drive miljøaktiviteter. Fagleg støtte: Støtta elevar som trenger ekstra tilrettelegging i klasserommet, i samarbeid med lærarane. Tverrfagleg samarbeid: Samarbeida tett med kontaktlærarar, helsesjukepleiar, rådgjevar og leiing. Alternative læringsarenaer: Følgje opp elevar i praktiske prosjekt eller mindre grupper. Kvalifikasjonskrav Vernepleiar, barne- og ungdomsarbeidar, anna relevant utdanning for arbeid med elevar i skulen.  Personlege eigenskapar: Du er tolmodig,...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway