Nav
Seljord, Norway
Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark? Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø! Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar. Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid....