Nav
Ålesund, Norway
Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern! Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stilling som sjukepleiar. Oppstart 11. august. Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg. Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Som medarbeidar hos oss vert du del av eit fagmiljø som legg stor vekt på: kvalitet og fagleg tryggleik samarbeid og godt arbeidsmiljø kontinuerleg utvikling og forbetring tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta Seksjonen høyrer til i Avdeling for sjukehuspsykiatri...