Heimetenester, Ørsta kommune
Ørsta, Norway
Er du sjukepleiar og vil vere med å utvikle ei bærekraftig og framtidsretta heimeteneste? Heimetenesten i sentrum lyser ut fast 75 % nattstilling. Det kan verte aktuelt å tilsette i to 75 % stillingar. Dersom du kan jobbe 3.delt turnus kan vi tilby 100 % stilling. Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarleg medarbeidar. Du må kunne jobbe sjølvstendig. Det kan vere hektisk i periodar men du vil få dyktige kollegaer på laget som ilag skal støtte kvarandre gjennom heile vakta. Vi sikrar fagkompetanse gjennom døgnet og året med oppgåvedeling og årsplanlegging . Du vil derfor inngå i teamet av nattevakter som i dag består av helsefagarbeidarar og etter tilsetting 2 sjukepleiarar. I tillegg er det tett samhandling med nattevakt i tenesten for psykisk helse og rus. Saman utgjer dei natt-teamet i ambulerande teneste i sentrum. Du vil også vere ein del av sjukepleiarteamet i heimetenesten. Vi har fokus på å støtte opp under brukar sine eigne ressursar for å kunne leve...