Alver kommune
Isdalstø, Norway
Kort om stilling som ferievikar Alver kommune søkjer etter deg som ønskjer å vere ferievikar i heimetenesta. Det vil vere størst behov i perioden veke 25- 33. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i helsefagleg utdanning. Dersom du har anna bakgrunn, kan du òg vere aktuell. Løn: Som assistent vil du minimum få ei timeløn på kr 207,-. Som sjukepleiar-/vernepleiar -student vil du kunne få høgare lønn, avhengig av kor mange studiepoeng du har bestått. I tillegg får du for arbeid i turnus eit kveldstillegg på minimum kr 56,- per arbeidet time frå kl. 17 - 21, og minimum kr 70,- per arbeidet time frå kl. 21 - 06. Du får óg anna godtgjering for særskilt arbeidstid på helg. For arbeid innan heimetenesta må du ha førarkort klasse B, og beherske norsk. Aktuelle avdelingar Manger - konstituert avdelingsleiar Tanita Marøy Frekhaug - avdelingsleiar Roy Sørensen Knarvik Sør/Vest - avdelingsleiar Sølvi...