Fritidskontakt (ungdom) - Stryn kommune

Arbetsbeskrivning

Stryn kommune søkjer engasjerte ungdommar til tidsavgrensa oppdrag som fritidskontaktar i prosjektet «Fritid i fellesskap».

Prosjektet er ei vidareutvikling av støttekontaktordninga, der målet er å etablere inkluderande, gruppebaserte fritidstilbod som fremjar deltaking, meistring og sosial tilhøyrsle.


Om stillinga
Som fritidskontakt vil du delta som aktivitetsressurs i gruppebaserte fritidstilbod for barn og unge. Rolla er førebyggande og skal bidra til å styrkje fellesskap og sosial deltaking.
Fritidskontaktar arbeider alltid saman med andre og i tett samarbeid med vaksen ansvarleg.

 

Om prosjektet
«Fritid i fellesskap» er eit pilotprosjekt som skal utvikle meir inkluderande og berekraftige fritidstilbod som supplement til tradisjonell støttekontaktordning, med mål om å redusere utanforskap og styrkje sosial deltaking

 

Søknad
Søkjarar vert bedt om å sende ein kort søknad med informasjon om:

  • bakgrunn og interesser
  • motivasjon for å søkje

Arbeidsoppgåver

  • delta i planlagde fritidsaktivitetar og møteplassar
  • bidra til eit trygt, inkluderande og sosialt miljø
  • vere ein synleg og tilgjengeleg deltakar i gruppa
  • støtte deltakarar som treng oppmuntring til deltaking
  • vere ein positiv rollemodell for samarbeid, respekt og fellesskap
  • samarbeide med og følgje rettleiing frå vaksen koordinator
  • Aktivitetane kan til dømes vere fysisk aktivitet, friluftsliv, leik og sosiale samlingar.

Avgrensing av rolla
For å sikre fagleg forsvarlegheit og tryggleik gjeld følgjande:

  • fritidskontaktar har ikkje åleineansvar for deltakarar
  • rolla omfattar ikkje individuell oppfølging over tid (1:1)
  • fritidskontaktar skal ikkje handtere konfliktar eller vanskelege situasjonar åleine
  • ved behov skal vaksen ansvarleg kontaktast

Rolla er eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for, faglege tenester.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ungdom som:

  • har interesse for arbeid med barn og unge
  • må ha fylt 16 år
  • er pålitelege og møter til avtalt tid
  • har gode samarbeidsevner
  • trivst med aktivitet og sosialt samspel

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er ikkje krav om formell kompetanse.

Opplæring og oppfølging
Stryn kommune legg til rette for:

  • grunnleggjande opplæring i rolleforståing, ansvar og grensesetting
  • informasjon om handtering av utfordrande situasjonar
  • fast kontaktperson og tett oppfølging undervegs

Dette sikrar trygge rammer for både deltakarar og fritidskontaktar.

 

Vi tilbyr

  • ei meiningsfull og relevant arbeidserfaring
  • deltaking i eit viktig førebyggjande arbeid i lokalsamfunnet
  • tett fagleg oppfølging og rettleiing
  • lønn eller godtgjersle etter gjeldande satsar
  • attest etter gjennomført oppdrag

Omfang og varigheit

  • 2 - 4 timar pr veke
  • omfang varierer etter aktivitet, hovudsakleg ettermiddag/kveld arbeid skjer i gruppe og i organiserte aktivitetar
 

Kontaktinformasjon

Siri Linn Opsahl, Samfunnskoordinator, 90202043, [email protected]
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790, [email protected]

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5140558290
Stillingsprosent: 5%
Engasjement
Søknadsfrist: 21.06.2026