Ledig vikariat som helsesjukepleiar ved Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Arbetsbeskrivning

Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariat helsesjukepleiarstilling frå august-26 - august-27, dato for oppstart etter nærare avtale.  Ta kontakt for meir informasjon.

Om arbeidsstaden: 

Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, som i tillegg består av PPT, barneverntenesta, kommunepsykologane og integreringstenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, legekontor, psykisk helse & rus, og NAV. 

I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. Me har helsetenester til gravide, helsetenester til flyktningar, helsestasjon 0-5 år og helsestasjon for ungdom i våre lokale på Knutepunktet. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.

Me tilbyr:

  • Ein spanande og variert jobb
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Kvalifikasjonar:

  • Helsesjukepleiar med godkjend helsesjukepleiarutdanning
  • Erfaring frå praksis er ynskjeleg
  • Førarkort for bil, klasse B.
  • Gode norskkunnskap skriftleg og munnleg

Arbeidsoppgåver kan vera:

  • Helsestasjon (0-5år)
  • Skulehelseteneste (6-19 år)
  • Helsestasjon for Ungdom (13-23 år)
  • Migrasjonshelse 
  • Helsefremjande og førebyggjande arbeidsoppgåver i tråd med nasjonale retningslinjer for helsestasjon og skulehelsetenesta
  • Tverrfagleg samarbeid internt og med andre tenester er ein viktig del av arbeidet.
  • Utvikling av tenesta etter nasjonale faglege retningsliner for helsestasjon og skulehelseteneste.

 

Personlege eigenskapar:

  • Du er fagleg engasjert og trives med å arbeida med born, unge og deira føresette
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig vil bli vektlagt

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her