Lærar med teiknspråkutdanning

Arbetsbeskrivning

Me har ledig undervisningstilling i teiknspråk frå 1.8.2026. 

Om arbeidsstaden:
Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum. Me har rund 175 elever og 30 tilsette. Skulen ligg like ved idrettsanlegget til IL Viljar og turløypene i Bømoen, som me nyttar i skulekvardagen. Me har også eigen gapahuk og er i gang med å opparbeide skulehage - som skal gi elevane ein meir aktiv og praktisk undervisning. Vossaskulen arbeider kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skape gode tenester for elevane våre. Satsingsområda våre er læringsleiing, skulenærvær og dysleksi. Palmafossen skule har frå 1.august 2026 ledig 1 fast stilling for lærar med teiknspråkutdanning i 50 %. Kan om mogleg aukast i stillingsprosent 

Me tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1- 7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.  
  • Fast  stilling i Voss herad
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Kvalifikasjonar:

  • grunnskulelærar
  • Undervisningskompetanse i teiknspråk
  • Dersom ikkje kvalifiserte søkjarar, så kan andre søkarar med teiknspråkkompetanse bli vurdert

 

Me ynskjer deg som:

  • er god på samarbeid og relasjonsbygging
  • er trygg og tydeleg
  • er strukturert
  • er engasjert og positiv
  • tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidskvardag 
  • kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar md elevar, føresette og kollegaer
  • bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

 Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i og på teiknspråk i henhold til læreplan i norsk teiknspråk
  • Tilsyn
  • Samarbeid med andre instansar og heim
  • Pedagogisk utviklingsarbeid og samarbeid med team

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her