Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter Organist i inntil 30% fast stilling. Hovudoppgåvene blir å spele i gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet, med hovudvekt i Stranda og Stordal sokn. Det bur mange dyktige musikarar og songarar i kyrkjelydane som ein kan samarbeide med.
Vi ønsker ein person med godkjend kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning / erfaring innan kyrkjemusikk.
Må beherske ulike musikksjangrar. Ønskeleg med erfaring frå kor- og konsertarbeid, samt arbeid med born og unge.
Beherske norsk munnleg
Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar som at du er ein allsidig musikar som kan bidra inn i det kyrkjebyggande arbeidet
Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Politiattest må kunne framleggast i henhald til Trussamfunnslova §20
Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
I samarbeid med staben og frivillige medarbeidarar delta i annan kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelydane, m.a. konsertar, jule- og påskevandringar, trusopplæringstiltak, kor, fellesskapssamlingar og stabsmøter.
I samarbeid med våre kantorar bidra til eit variert og allsidig song- og musikkliv i kyrkjelydane, i samsvar med råda sine gjeldande mål og planar.
Ein god og triveleg arbeidsplass med kontor i Stranda
Godt fellesskap og samarbeid med frivillige, sokneråd og lag i bygdene.
Tilsetjingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.
God pensjonsordning i KLP
Tiltreding snarleg