Spesialpedagog deltid -vikariat inntil 9/8 2027

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Det er ledig vikariat som spesialpedagog i barnehageåret 2026/2027.

Det er behov for fleire stillingar i ulike stillingstorleikar mellom 60% og 80%.

Sjukefråvær og behovet for spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn er varierande og vil påverke storleiken og varigheita på vikariata.


Arbeidsoppgåver

Spesialpedagogane i Alver kommune har arbeidet sitt i både private og kommunale barnehagar i heile kommunen der det er barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vert organisert i den einskilde barnehagen, med utgangspunkt i vedtak om spesialpedagogisk hjelp og rettleiing frå PPT


Kvalifikasjonskrav 

Søkjar må ha godkjend utdanning som barnehagelærar.

Vidareutdanning i spesialpedagogikk og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskjeleg. Erfaring med ASK, mellom anna biletstøtte og teikn til tale, kan vere ein fordel.


Me tilbyr

  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. 
  • Løn etter avtale ut frå kompetanse og erfaring.
  • God pensjonsordning. 
  • Fagnettverk
  • Opplæring og rettleiing i arbeidet

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med barnehageloven § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede