Ass.rektor Gullfjordungen skule

Arbetsbeskrivning

Stillinga som ass.rektor er delt mellom 50 % leiing og 50 % undervisning

Vikariatet gjeld frå 01.08.2026 til 01.05.2027, med moglegheit til forlenging fram til sommar 2027

Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7. klasse, med 153 born og 23 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Du kan lesa meir om skulen her: Gullfjordungen skule - Voss herad

Assisterande rektor er rektor sin næraste samarbeidspartnar og er vikar ved behov. Assisterande rektor har ansvar for ulike trinn, arbeider for eit godt skule- og klassemiljø, og er med å skapar retning i skulen sitt utviklingsarbeid. Me søkjer ein skuleleiar som kan medverka til å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon. 

Me tilbyr

  • Ein spanande stilling med moglegheit for utvikling i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein skule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personale og økonomi
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitetsnivå
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

  Arbeidsoppgåver:

  • Vera vikar for rektor og avlasta rektor med administrative oppgåver, inkludert personaladministrasjon
  • I samarbeid med rektor:
    • leia og vidareutvikle skulen sitt profesjonsfellesskap
    • leia det pedagogiske utviklingsarbeidet
    • fylgja opp resultat frå kartleggingsprøvar
    • leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
    • sikra god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
    • fylgja opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

 Personlege eigenskapar:

  • høg arbeidskapasitet, er fleksibel og engasjert
  • fagleg oppdatert og arbeider for å nå gode resultat 
  • inspirerer, involverer og er tydeleg på skulen sitt oppdrag
  • god på å byggja relasjonar 
  • god munnleg og skriftleg framstilling
  • god digital kompetanse

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

 


Link til søknadsskjema: Søk her