Sjukehuset Nordmøre og Romsdal – Hjelset. Vil du vere med å forme framtidas kirurgi i eit nytt og moderne sjukehus?
Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk gastro-/generell kirurg som ønskjer å bidra aktivt i utviklinga av kirurgisk aktivitet ved SNR Hjelset. Hos oss får du ei unik moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit miljø som er i sterk utvikling.
Eit fagmiljø med utviklingsmoglegheiter!
Sjukehuset vårt er eit godt differensiert lokalsjukehus. Kirurgiske legar SNR er ei felles kirurgisk seksjon med seksjonering innan gastrokirurgi, generell kirurgi, urologi og plastikkirurgi, og sørgjer for eit kirurgisk behandlingstilbod til befolkninga i Nordmøre og Romsdal, som utgjer om lag 110 000 innbyggjarar. Vi har òg traumefunksjon for same region. Ved seksjonen har vi blautkirurgiske senger fordelt på to sengepostar, i tillegg til pasienthotell. Dei øvrige sengene ved dei to sengepostane er til andre kirurgiske fagfelt som ortopedi, ØNH, auge og gynekologi.
Vi er 5–6 overlegar og 8 LIS ved seksjonen. Det er felles kirurgisk vaktordning der LIS går i eige vaktsjikt med todelt vaktdøgn heile veka. Primærsjiktet blir dekt av LIS1. Overlegane dekkjer bakvakt med heimevaktordning.
Vi er i ein spennande utviklingsfase, der ny teknologi og nye arbeidsformer er i ferd med å bli ein naturleg del av kvardagen – inkludert planlagd innføring av robotkirurgi. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønskjer å vere med å forme og vidareutvikle det kirurgiske tilbodet.