Bioingeniør

Arbetsbeskrivning

Vil du jobbe som bioingeniør – og ha fjord, fjell og skiopplevingar rett utanfor døra?

Som bioingeniør ved Laboratoriet i Odda er du tett på drift og pasientbehandling – i eit lite og samansveisa miljø der du faktisk får påverke kvardagen.  
Er du 3.-årsstudent? Då kan du få 50 000 kr dersom du bind deg i 2 år - søk her!

Odda byr på trolltunga, brevandring, kajakk, sykling, fruktgardar – og gode moglegheiter for ski og topptur når sesongen er inne. Perfekt for deg som vil bruke fritida like aktivt som du bruker faget ditt. Les meir om kva Odda har å by på: hardangerfjord.com/ullensvang/opplevelser.

Vurderer du å flytte – men vil vere trygg på at overgangen blir enkel? I Odda hjelper vi deg i gang med flyttepakke (inntil 20 000 kr) og husleige dekka dei første 6 månadene (inntil 60 000 kr). Du kan òg ha rett på sletting av studiegjeld.

👉 Vi gler oss til å høyre frå deg! Har du spørsmål, eller ønskjer du ein uformell prat? Ta kontakt med oss i dag.


Kva går jobben ut på? 

  • Analysearbeid innan generell kjemi, hematologi, koagulasjon og blodtypeserologi
  • Blodprøvetaking
  • Tapping og produksjon av blod
  • Enkle mikrobiologiske analysar
  • Delta i vaktordning

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Jobbar nøyaktig og har blikk for kvalitet – også når det er mykje å gjere
  • Tek initiativ og har gjennomføringsevne når noko bør forbetrast
  • Kommuniserer tydeleg og samarbeider godt på tvers av fag og roller
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og liker å spele andre gode

Kvifor skal du velje oss?

  • Faglege utfordringar og høgt fagleg nivå  
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • Hjelp til bolig
  • Mulighet for tilrettelagt turnus og friperioder

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Randi Djønne, Funksjonsleiar, +47 53651123, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 10
5750 ODDA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5145967227
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026