Barne- og ungdomsarbeidar til skule og SFO

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Vi søkjer engasjert og fagleg interessert barne- og ungdomsarbeidar til arbeid i skule og sfo.


Om oss.

 Alversund skule ligg roleg og vakkert til, med utsikt mot Alverstraumen. Vi har 310 elevar, og 120-140 born på SFO. Skulen har rundt 45 tilsette, som arbeider for at alle born skal trivast og utvikle seg.


Arbeidsoppgåver

  • Rettleie born i skuletida 
  • Hjelpe elevar med helseutfordringar eller andre særskilte behov 
  • Være i lag med born i deira kvardag 
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar med born 
  • Bidra til språkleg utvikling gjennom samtale, leik, bøker og song.

Kvalifikasjonskrav 

  • Du må ha fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar 
  • Ved manglande fagbrev, vil det være krav om røynsle frå arbeid med born som har funksjonsnedsettingar 
  • Du må ha gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg. 
  • Dokumentasjonskrav på minimum B1-nivå. 
  • Du er god til å kommunisere med barn og vaksne.

Kven er du?

  • Du likar barn og ønskjer å gi dei ein meningsfull kvardag. 
  • Du ser kva som må gjerast og tar initiativ. 
  • Du er tålmodig og omsorgsfull. 
  • Du trivst ute i all slags vær.
  • Du er fleksibel og tåler endringar 
  • Personlig egnaheit vil bli vektlagt. 

Me tilbyr

Døme:

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
  • Oppfølging og rettleiing
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med Opplæringslova §17-11, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede