Koordinator barn og unge

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Sveio kommune lyser ut to spennande stillingar som koordinator for barn og unge - begge i 100% vikariat/prosjekt stilling. Oppstart snarast mogeleg til og med 31.12.2027.

Vil du vere med og gjere ein forskjell for ungdom i Sveio?

Vi søkjer to engasjerte og trygge vaksne til vårt nye ungdomsteam. Dette er stillingar for deg som ønskjer å vere tett på ungdom, byggje gode relasjonar og bidra til at fleire opplever meistring, tilhøyrsle og tru på eigne moglegheiter. Stillingane er ein del av kommunen sitt førebyggjande arbeid og skal styrkje tidleg innsats og samordna oppfølging på tvers av tenester, med mål om å førebyggje utanforskap, fråvær, rusutfordringar og kriminalitet.

Vi ser etter deg som møter ungdom med respekt og varme, samarbeider godt med andre og vil vere med og utvikle ei meir heilskapleg oppfølging for barn og unge i kommunen.

Som koordinator barn og unge skal du arbeide førebyggjande, bidra til tidleg innsats og fange opp ungdom som står i fare for å falle utanfor. Du blir ein del av eit tilgjengeleg og fleksibelt tilbod til barn og unge, og får ansvar for å vidareføre arbeidet med ungdomslos, SLT og ungdomsråd. SLT-modellen er ei samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak for barn og unge.

Sveio kommune er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats), og vi ønskjer at det skal vere trygt og godt for barn og unge å vekse opp hos oss. Koordinator barn og unge vil vere tilsett i Eining for barn og familie, med det daglege arbeidet i hovudsak knytt til skulane i kommunen og tilbodet til ungdom på Vigdartun kultursenter i fritidssona. Sveio kommune har fire barneskular og ein kombinert barne- og ungdomsskule. Meir informasjon om skulane finn du på kommunen sine heimesider.


Arbeidsoppgåver

 

  • arbeide førebyggjande og tverrfagleg i samarbeid med skular, føresette og andre relevante tenester
  • kartleggje, identifisere, motivere og rekruttere barn og unge til relevant oppfølging/hjelpeteneste
  • leggje til rette for auka tilhøyrsle, meistring og deltaking i skule og fritid
  • gi tett og tilrettelagd oppfølging gjennom motivasjonsarbeid, rettleiing og støtte i og utanfor skulen
  • følgje opp enkeltelevar og ungdommar, både individuelt og i grupper
  • bidra til gode overgangar mellom grunnskule og vidaregåande opplæring 
  • vere tilgjengeleg for ungdom og til stades på ungdommen sine eigne arenaer
  • samarbeide med og rettleie føresette i å støtte barnet eller ungdommen sin skulekvardag
  • delta i samarbeid mellom skule, heim og øvrige støttetenester slik at oppfølginga blir heilskapleg og tilpassa
  • planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak for barn og unge individuelt og i grupper
  • bidra til utvikling av gode arbeidsmetodar og rutinar for tidleg innsats og førebyggjande arbeid
  • bidra i kommunen sitt førebyggjande arbeid mot skulefråvær, utanforskap, rusrelaterte utfordringar og kriminalitet
  • dokumentere arbeidet i tråd med gjeldande rutinar og krav
  • ved behov kan stillinga i avgrensa periodar innebere praktisk støtte for å styrkje skulenærvær

    Ein del av arbeidet kan til tider medføre arbeid utanfor skuletid i heimen, ungdomsklubb og i forbindelse med leirskule- og ferieaktivitetar.


Kvalifikasjonar

  • relevant 3 årig høgare utdanning innan til dømes helse, sosialfag, pedagogikk eller anna relevant fagområde
  • erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid og arbeid på tvers av tenester er ein fordel
  • kunnskap om førebyggjande arbeid, relasjonsarbeid og oppfølging av barn og unge i sårbare livssituasjonar
  • kjennskap til arbeidsmetodar og verktøy for tidleg innsats og avdekking av risikofaktorar er ønskjeleg
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og målretta
  • gode digitale ferdigheiter
  • førarkort klasse B

    Gyldig politiattest i samsvar med opplæringslova § 10-9 må leggjast fram ved tilsetjing.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er trygg, varm og tydeleg i møte med barn, ungdom og føresette
  • har evne til å byggje tillit og gode relasjonar over tid
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • samarbeider godt med andre og trivst i tverrfagleg arbeid
  • kan stå i krevjande situasjonar og samtidig bevare ro og retning
  • er initiativrik og ser moglegheiter
  • har god vurderingsevne og evne til å arbeide systematisk

Vi tilbyr

  • ei meiningsfull stilling der du får vere med og gjere ein forskjell for barn og unge
  • varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit viktig fagfelt
  • høve til å vere med og utvikle tenester og arbeidsmåtar i kommunen
  • tett samarbeid med engasjerte kollegaer på tvers av fag og tenester
  • faglege utfordringar og moglegheit for utvikling
  • løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Anna informasjon: 

  • noko arbeid utanfor ordinær arbeidstid må reknast med
  • personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt