Tilkallingsvikarar til våre ferjesamband i Vestland 

Arbetsbeskrivning

Fjord1 søkjer no etter dyktige og fleksible tilkallingsvikarar til fleire av våre ferjesamband i region Vestland.

Vi har behov for skipsførar, navigatørar, maskinistar, maskinsjefar og matrosar, og ønskjer å knyte til oss kandidatar som kan bidra til trygg og stabil drift når behov oppstår.

Aktuelle samband:

  • Fedje – Sævrøy
  • Leirvåg – Sløvåg
  • Hatvik – Venjaneset
  • Halhjem – Våge
  • Krokeide – Hufthamar
  • Husavik – Sandvikvåg
  • Langevåg – Buavåg

Behovet for vikarar vil variere gjennom året. I enkelte periodar kan det vere behov for mannskap som kan gå heile arbeidsperiodar, medan det i andre periodar kan vere aktuelt med enkeltvakter på kort varsel.
Det er moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden,  men det er ein fordel om du bur i nærleiken, då behovet kan variere i tråd med skift og turnus.

Reise til og frå arbeidsperioden vert dekt av rederiet.  Tiltreding etter avtale. Relevante kandidatar vil bli kontakta fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene følgjer gjeldande stillingsinstruks for den aktuelle rolla. 

Kvalifikasjonar

  • For navigatører: Minimum D3-sertifikat, ROC/GMDSS-sertifikat, ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
  • For matroser: Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros.
  • For maskinister: Minimum D3 og FSE

Gjelder for alle:

  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Rederiet dekkjer krise- og passasjerhandterings kurs for aktuelle kandidatar.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund/Sjømannsforbund/Maskinistforbund
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.

Kontaktinformasjon

Audun Bergesen , Operativ Leder , [email protected]

Arbeidssted


5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5154523236
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.08.2026