Vestre Slidre kommune har en ledig midlertidig stilling i psykisk helse- og rusteneste (60-100% stilling frå hausten 2026 til og med juni 2027) Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg.
I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rustenesta, helsestasjons- og skulehelsetenesta, familie rettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rustenesta er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fem tilsette i til saman 4,4 årsverk. Ei av stillingane har funksjon som barne- og ungdomslos og har kontor på skulen.
Stillinga er i utgangspunktet 100 %, men det kan vere aktuelt med lågare stillingsprosent dersom søkjaren ønskjer det. Den som blir tilsett, må vere innstilt på å vikariere som barne- og ungdomslos i perioden frå januar til og med juni 2027. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding.
Hjå oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, høve til fagleg utvikling og moglegheita til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk jobbing, kartlegging, vurdering og behandling individuelt
- Hausten 2026: hovudsakeleg oppfølging av vaksne personar, men også noko oppfølging av barn og unge
- Fyrste halvår 2027: vikariere for barne- og ungdomslos på skulen med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn og noko oppfølging av vaksne personar
- Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen
- Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt
- Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
- Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter
- Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant kompetanse (t.d. helsefagarbeidar)
- Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd.
- Førarkort klasse B
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne
- Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper
- Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving
- Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling
Vi tilbyr
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog kvar veke
- Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343,
[email protected]
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune
Referansenr.: 5152981270
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 25.08.2026