100% fast stilling Vik oppvekstsenter, avd. barnehage

Arbetsbeskrivning

Me  ser etter deg som er glad i barn, trygg i vaksenrolla og som vil vera med og skapa ein god, trygg og utviklande barnehagekvardag.

Det er viktig at du likar å samtala og utforska saman med barn.

Det er ein fordel om du har erfaring i å arbeida med barn.

Du treng ikkje ha erfaring med alt, men du må vere motivert, lærevillig og klar for ein aktiv arbeidskvardag.

Kvifor jobba hos oss?

I Vikebygd barnehage har me to avdelingar. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg utvikling og engasjement.

Me tilbyr:

  • Gode kollegaer og eit sterkt fellesskap.
  • Oppfølging og rettleiing frå pedagogar og leiar.
  • Ein trygg og god start for nytilsette.
  • Fagleg støtte.
  • Ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for barn kvar dag.
  • Ordna tilsetjingsforhold.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Fagleg støtte og oppfølging frå pedagogar og leiar. 
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
  • Andre med erfaring frå liknande arbeid kan også søkje (tilsetting som assistent).
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar: 

  • Du er stabil og har god arbeidskapasitet.
  • Du er varm, tydeleg og til stades i møte med barn.
  • Du samarbeider godt med andre, og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel, strukturert og sjølvstendig.
  • Du likar å vere ute og trivst i ein hektisk kvardag.

Personleg eignaheit blir tillagd stor vekt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadsenteret vårt. du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk , eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53656565 dersom du treng help til å søkja.

 


Link til søknadsskjema: Søk her