Nav
Volda, Norway
Er du vår nye intensivsjukepleiar/sjukepleiar? Vil du jobbe i eit fagmiljø med høg kompetanse, varierte arbeidsoppgåver og tett tverrfagleg samarbeid? Då ønskjer vi deg velkomen til Intensiv i Volda! Vi har eit ledig vikariat frå 17.08.26 til 31.12.26, med moglegheit for forlenging. Oppstartsdato kan avtalast. Vi søkjer ein engasjert og fagleg interessert intensivsjukepleiar/sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av eit dyktig og inkluderande team. Intensiv i Volda behandlar eit breitt spekter av medisinske og kirurgiske pasientar. Vi har ansvar for overvaking og behandling av kritisk sjuke pasientar, postoperativ oppfølging etter kirurgiske inngrep og ivaretaking av pasientar i samband med dagkirurgi. Arbeidskvardagen er variert, utfordrande og lærerik, med vekt på kvalitet, pasienttryggleik og fagleg utvikling.
Arbeidsoppgåver Arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg Ansvar for ivaretaking av kritisk sjuke pasientar og deira pårørande Tett tverrfagleg...