WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

51 sjukepleiar jobb hittade

Filtrera sökning
Aktuell sökning
Deltid sjukepleiar
Nav
09/07/2026
Deltid
Sjukepleiar
Nav Hjelset, Norway
Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt?  Allmenn - og alderspsykiatri SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.  Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har...
Nav
09/07/2026
Deltid
Sjukepleiar
Nav Dalsøyra, Norway
Om stillingane  Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:  I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.    I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.  Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt  Gode pensjons- og forsikringsordningar Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling  Arbeidsoppgåver  Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane Samarbeid med andre faggrupper, 2....
Nav
08/07/2026
Deltid
Sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Bli med og bygg opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern! Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stilling som sjukepleiar. Oppstart 11. august. Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg. Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med på vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasienttryggleik. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling for personar med psykoselidingar som treng døgnopphald. Vi jobbar tverrfagleg i team beståande av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Som medarbeidar hos oss vert du del av eit fagmiljø som legg stor vekt på: kvalitet og fagleg tryggleik samarbeid og godt arbeidsmiljø kontinuerleg utvikling og forbetring tett samhandling med andre seksjonar og førstelinetenesta Seksjonen høyrer til i Avdeling for sjukehuspsykiatri...
Nav
07/07/2026
Deltid
Fast stilling som sjukepleiar kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia
Nav Lærdalsøyri, Norway
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Om stillinga Stillinga er kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia, der du...
Nav
07/07/2026
Deltid
Sjukepleiar - fast stilling på natt
Nav Tennfjord, Norway
Haram kommune søker etter sjukepleiar i ca. 65% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Eidet Omsorgssenter har eit tett samarbeid på tvers av dei 2 avdelingane på omsorgssenteret, særleg på natt. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode...
Nav
07/07/2026
Deltid
Fast stilling som sjukepleiar kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia
Nav Lærdalsøyri, Norway
I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn. Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus. Om stillinga Stillinga er kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia, der du...
Nav
04/07/2026
Deltid
Sjukepleiar 52 % og 61 % fast stilling, natt
Nav Langevåg, Norway
Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver? Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar. Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta. Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.  Vi har besøkshund tilknytta avdelinga. Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar. Oppgi i søknaden om du ønsker...
Nav
02/07/2026
Deltid
Sjukepleiar/vernepleiar
Nav Ålesund, Norway
Vi vil gjerne ha deg med på vårt lag! Vi har no ledig 2 x 90% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale. Stillingane inneber f.t. 2-delt vaktturnus med arbeid kvar fjerde helg, med to ekstra helgar (hinkehelger) kvart år.  Seksjonen tilbyr både planlagde og rusakutte innleggingar og har 17 døgnplassar. Fagmiljøet er tverrfagleg og inkluderar mellom anna psykiater, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.  Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Arbeidsoppgåver Sjukepleiefaglege-/vernepleiefaglege oppgåver - medikamenthandtering Deltaking i tverrfagleg team Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar Aktiv bidragsytar i miljøterapeutiske aktivitetar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Ønskeleg med videreutdanning, men sjukepleiar/ verneplaier utan videreutdanning kan også søke stillinga Ønskeleg med relevant...
Nav
02/07/2026
Deltid
ID 1045 Sjukepleiar i nattpatruljen, 85% fast stilling og 85 % vikariat i nattpatruljen
Nav VESTLAND
Nattpatruljen i Fitjar har ledig 85% fast stilling og 85% vikariat på natt, turnus med jobb kvar 3. helg Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling. Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Vikariatet kan bli forlenga. Me treng deg som: Er fagleg sterk Er strukturert og pliktoppfyllande Likar å ta ansvar og føl dette opp Er stabil og påliteleg Er kreativ og praktisk God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Har gode samarbeidsevne Har evne til å ta imot...
Nav
02/07/2026
Deltid
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega?
Nav Haugesund, Norway
Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon. Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes på på e-post eller telefon frå 03.08.2026.   👉  Du er velkomen til å søkje. Turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Kva går jobben ut på?...
Nav
01/07/2026
Deltid
Sjukepleiar - fast stilling på natt x 2
Nav Tennfjord, Norway
Haram kommune søker etter to sjukepleiarar i 62,5% fast stilling, for tida ved Indre Haram heimeteneste, i Tennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus på natt, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har på natt eit tett samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både bebuarane og dei tilsette. Vi ønsker å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre. Vi har fokus på gode måltid produsert på huset. Vi har tilgang til flotte uteområde med mykje sol. Her nyt vi utsikt utover fjord og fjell, frå eit fint og moderne bygg. Eidet Omsorgssenter ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har...
Nav
30/06/2026
Deltid
Sjukepleiar
Nav Hjelset, Norway
Vil du bli ein del av eit supert arbeidsmiljø, med faglege og spennande utfordringar, kvar dag? Sengepost nevrologi har no ledig ei fast stilling i 74%. Her blir du ein del av eit inkluderande og spennande team, med høg fagleg kompetanse. Trivst du å jobbe pasientretta; i team eller sjølvstendig? Er du fleksibel og positiv? Ikke nøl med å søke.  Vi søker deg som er positiv, framoverlent, arbeidsom og nysgjerrig.  Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, fagleg vekst, varierande og spennande oppgåver, gode kollegaer, og kanskje også venner for livet? Er du interessert eller har spørsmål om seksjonen; ta kontakt då vel! Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingsstørrelser bli ledige. Arbeidsoppgåver Sjukepleie til den nevrologiske pasienten Stell og pleie Tverrfagleg samarbeid Bygge kompetanse og fag Rettleiing av sjukepleierstudentar Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på prosedyrer og retningslinjer på sengeposten News- målinger Observasjon...
Nav
30/06/2026
Deltid
Sjukepleiar fast helgestilling på natt 
Nav Isdalstø, Norway
Om stillinga og Nordhordland legevakt  Vi har no ledig ein fast 23 % stilling på natt med arbeid kvar 3. helg ved Nordhordland legevakt. Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus. Arbeidsoppgåver Mottak og triagering av pasientar Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege  Prøvetaking og laboratoriearbeid Dokumentasjon i journalsystem ( Infodoc) Kvalifikasjonskrav  Autorisert sjukepleiar  Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke  Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2027 kan vurderast til stillinga Kven...
Nav
27/06/2026
Deltid
Helsesenteret/legevakta har ledig 146% stilling som sjukepleiar frå 1.1.2027
Nav Seljord, Norway
Det skal tilsettast i 146% stilling. Vi ønsker å tilsette 2 sjukepleiarar, kor stillingsstorleiken mellom dei to kan fordelast etter ynske/avtale i løpet av tilsettingsprosessen. Stillingane er fordela mellom legekontor og legevakt og er ledig frå 1.januar. Turnusen består av dagvakter, langvakter på natt i vekedagane og vakt kvar 4 helg. Det vert lagt vekt på personleg eignaheit og evne til både å jobbe sjølvstendig og vera ein god lagspelar. Det trengs også tilkallingsvikar til avdelingane. Dersom dette også skulle vera aktuelt, skriv dette i søknaden. Hva vi ser etter Du er Off.godkjent sjukepleiar Har erfaring frå legekontor og/eller legevakt Har interesse for akuttmedisin Er ein god lagspelar og kan jobbe sjølvstendig Interessert i fagutvikling Arbeidsoppgaver Sjukepleiarane jobbar i fremste rekke med pasienthandtering, saman med lege eller sjølvstendig. Mottak av øyeblikkeleg hjelp, behandling og rådgjeving på telefon. Fleire av...
Nav
20/06/2026
Deltid
Autorisert sjukepleiar 85% fast stilling.
Nav Langevåg, Norway
*Heimetenesta ytre Sula har base ved Stadsnesvegen 9b i sentrum av Langevåg, 20 minutt å kjøre frå Moa. Avdelinga har omlag 22 årsverk, og dekker området vest for Veddefabrikken. *Avdelinga har ledig ei fast stilling  for autorisert sjukepleiar frå -17.08.26.- Vi kan vere fleksibel på oppstart, og ekstravakter  kan påreknas om ønskeleg.  *2 delt turnus, valgfritt med langvakter kvar 4 helg eller tradisjonelle vakter kvar 3 helg. Arbeidstid mellom 08.00-22.00. Arbeidsoppgåver *Vi yt sjukepleie, praktisk og personleg bistand til heimebuande etter vedtak, og avdelinga har brukarar i alle aldersgruppe. *I heimetenesta får du arbeide sjølvstendig, og arbeidet er både spanande og fagleg utfordrande. Arbeidet består i alt frå stell , sjukepleie prosedyre og medisinering til terminalpleie i tett og god dialog med fastlegane. *Avdelinga har godt omdøme og god fagkunnskap å lære vekk, så ikkje bli skremd frå å søke om du er ny.  Ta gjerne ein telefon for meir informasjon, eller for å...
Nav
20/06/2026
Deltid
Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun - nattstilling
Nav Vartdal, Norway
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar?  Ved Vartdal helsetun er det ledig fast 66 % fast stilling på natt for off. godkjent sjukepleiar. Vartdal helsetun er lokalisert ca. 24 km frå Ørsta sentrum i retning Ålesund. Helsetunet har 28 plassar og 4 trygdebustadar. Dei administrerer også heimebaserte tenester i Vartdal regionen.  Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag og du får dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga. Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs. Vi er stolte at å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse...
Nav
19/06/2026
Deltid
Er du ein sjukepleiar som ønskjer å vere del av eit godt fagmiljø og eit inkluderande arbeidslag? Då vil me høyre frå deg!
Nav Etne, Norway
Me er ei avdeling med 20 institusjonsplassar, fordelt på korttids- og langtidsplassar. Me er opptekne av å gi pasientane våre trygge og gode tenester av høg kvalitet. Hos oss vil du møte eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, respekt og fagleg engasjement. Me er eit lag som heiar på kvarandre og spelar kvarandre gode. Stillingane inngår i turnus med arbeid i ordinære vakter, med arbeid kvar tredje helg. Eller lagvakter med arbeid kvar fjerde helg. Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar  Planlegging og gjennomføring av behandling og pleie Samarbeid med pasientar, pårørande og kollegaer Dokumentasjon i tråd med gjeldande retningslinjer Kvalifikasjonar Autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Det er ein fordel med relevant erfaring, men ikkje eit krav Eigenskapar Du er fagleg engasjert og ansvarleg Du er fleksibel og samarbeidsvillig Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø Du trivst med...
Nav
18/06/2026
Deltid
Sjukepleiar 80% fast stilling på Natt Husnes/Halsnøy
Nav Rosendal, Norway
Sjukepleiar - 80% fast Nattevakt Nattevaktene sør søkjer ny kollega Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene sør i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt. På natt gir vi tenester til fleire einingar og brukargrupper. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta. Arbeidsoppgåver Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper Dokumentasjon og oppfølging av tiltak Handtering av akutte og uforutsette situasjonar Kvalifikasjonar Autorisasjon som  sjukepleiar Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte...
Nav
17/06/2026
Deltid
Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus.
Nav Seljord, Norway
gongs utlysing. Ledig 50-100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus. Hva vi ser etter Vi søkjer ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar / vernepleiar til vårt tverrfaglege team innan psykisk helse og rus i eit vikariat. Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til auka meistring, livskvalitet og inkludering for menneske som treng støtte i kvardagen. Ønskede kvalifikasjoner: Bachelor som sjukepleiar eller vernepleiar. Erfaring frå psykisk helsearbeid og/eller rusfeltet er ein fordel. Gode ferdigheiter i tverrfagleg samarbeid. Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og relasjonsorientert. Digital kompetanse. Førarkort klasse B. Arbeidsoppgaver Arbeidsoppgåver: Oppfølging av vaksne med langvarige og samansette psykiske helse- og rusutfordringar. Kartlegging, tiltaksplanlegging og dokumentasjon. Miljøarbeid, praktisk bistand og individuelle...
Nav
16/06/2026
Deltid
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Nav Hjelset, Norway
Dagkirurgi SNR har ledig ei 80% fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar! Ved Dagkirurgi SNR på Hjelset søkjer vi ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar som ønsker ein variert og daglig spennande arbeidskvardag. Seksjonen er ein del av det nye fellessjukehuset på HjelsSNR et, der moderne fasilitetar, pasienttryggleik og kvalitet står i sentrum. Hos oss blir du ein del av eit sterkt tverrfaglig miljø med høg kompetanse og tett samarbeid mellom ulike faggrupper. Vi behandlar både vaksne og barn innan fleire kirurgiske fagområde, og tilbyr ein arbeidskvardag prega av fagleg utvikling, samarbeid og kontinuerleg forbedring.  Vi ser etter deg som trivst i eit aktivt miljø, tek ansvar og ønskjer å bidra til gode pasientopplevingar og behandling av høg kvalitet. Ved interne omrokkeringar, vil det kunne bli ledig andre stillingar i seksjonen. Aktuelle kandidater kan derfor også bli vurderte for desse. Det kan og bli aktuelt at stillinga blir knytt til arbeidshelg ved...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway