Nav
Uggdal, Norway
Vil du bli vår nye institusjonskokk og bidra til gode matopplevingar for både bebuarar og heimebuande? Me søker ein sjølvstendig institusjonskokk i fast 94 % stilling til kjøkkenet vårt på Tysnes omsorgssenter. Her får du varierte oppgåver, matlaging frå grunnen av og ein arbeidskvardag prega av godt samarbeid og korte avstandar. Du blir ein viktig del av eit kjøkken som leverer middag både til institusjonen og til heimebuande, og som har fokus på næringsrik, heimelaga mat og gode matopplevingar – gjerne med røter i lokale tradisjonar. Tysnes omsorgssenter held til i moderne og trivelege lokale frå 2017, med 30 institusjonsplassar fordelt på korttid, rehabilitering og langtidsopphald. Kjøkkenet er ei av tre avdelingar og består av to kokkar inkludert avdelingsleiar, samt reinhaldspersonell – til saman seks tilsette. Me produserer middag fem dagar i veka etter kok/kjøl-metoden og samarbeider tett med avdelingane og heimetenesta. Arbeidstida er på dagtid, kl. 07:30–15:00, med fri...