Nav
Sveio, Norway
Om stillinga Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar. Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre. Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga. Sveio omsorgssenter har tre...