Nav
Bergen, Norway
Om stillinga og arbeidsstaden Er du ein psykolog med engasjement for barn og unge, og har eit ønske om å bidra til fagleg utvikling i barnevernet? Då kan dette vere stillinga for deg! Bufetat region vest har ledig ei 100 % fast stilling som psykolog/psykologspesialist i stab ved Seksjon for fagleg støtte. Du blir ein del av eit sterkt og engasjert fagmiljø ved regionkontoret i Bergen – eit miljø som verdset nytenking, samarbeid og kontinuerleg kompetanseutvikling. Kortare reiseverksemd utanbys kvar 3-4 veke må påreknast. Arbeidsoppgåver Rådgjeving og fagleg rettleiing av tilsette ved institusjonane våre. Prosessrettleiing ved behov. Auke barns medverknad gjennom rettleiing og samtalar. Planlegging og gjennomføring av kurs og opplæring. Intern fagutvikling i samarbeid med dyktige kollegaer. Leiing av utviklingsprosessar og implementering av fagmodellar. Moglegheit til å påverke og forme fagleg retning i regionen. Skriftlege oppgåver av ulik karakter i tråd med behov i...