Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund, Norway
DPS Ålesund poliklinikk har no ledig fast stilling som helsesekretær / sekretær frå september. Poliklinikken har nyleg innført eit nytt journalsystem, og vi har auka vårt tilbod til pasientane i poliklinikken med å starte eit Tidleg avklaringsteam. Poliklinikken består av tilsaman sju team. Eit Gruppebehandlingsteam, eit ROP team, eit Tidleg Avklaringsteam og fire spissa allmennteam, som Traumeteam og Nevropsykiatrisk team. I ekspedisjonen er det seks merkantile som jobbar tett og veksler på oppgaver. Poliklinikken har i dag 6 merkantile stillingar og eit godt og samarbeidande arbeidsmiljø i ekspedisjonen. Oppgåvene rullerast mellom dei tilsette, men enkelte oppgåver spissast til enkelte merkantile. Oppgåvene er varierte og strekkjer seg frå kundebehandling i luke og telefon, til å sette opp timar, tett samarbeid med klinikarar og handtering av tilvisingar i lag med inntaksteamet. Vi søker no deg som har lyst å vere med å utvikle deg sjølv i lag med oss for å skape...