WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

181 helsefagarbeidar jobb hittade

Filtrera sökning
Aktuell sökning
Deltid helsefagarbeidar
Nav
17/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar 50% natt
Nav Sveio, Norway
Om stillinga Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar. Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre. Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga. Sveio omsorgssenter har tre...
Nav
17/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar til vikariat i Medisinsk seksjon
Nav Vossevangen, Norway
Voss sjukehus har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar på Medisinsk seksjon, sengepost.  Stillinga er ledige frå 01.12.2026 eller etter avtale. Vi har ledig 80% vikariat for helsefagarbeidar/hjelpepleiar ved sengeposten i Medisinsk seksjon fram til 30.11.2027. Vi ser etter deg som ynskjer å arbeida i eit aktivt miljø med høg faglegheit. Stillinga inngår i todelt vaktordning (dag, kveld) og arbeid kvar 3. helg.  OM AVDELINGA Medisinsk sengepost  er lokalisert under Medisinsk seksjon, og har 20 heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, som til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.  Sengeposten har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset.  OM SJUKEHUSET Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000...
Nav
11/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar i heimehjelpstenesta
Nav Årdalstangen, Norway
Vil du bidra til at eldre kan bu trygt og godt heime lenger? Ynskjer du ein jobb der du verkeleg betyr noko for andre menneske? Er du glad i å møte folk, skape gode relasjonar og gjere kvardagen litt enklare og tryggare for dei som treng det? Då kan ei stilling som heimehjelpar i Årdal kommune vere nettopp det du ser etter. Me har no ledig ei 80 % fast stilling som heimehjelpar (stillinga kan bli utvida til 100% på sikt ved andre avgangar). Til denne stillinga ser me etter deg som er autorisert hjelpepleiar/helsefagarbeidar , då arbeidet vil innebere både praktisk bistand og helsehjelp. Som heimehjelpar får du ei viktig rolle i å hjelpe eldre innbyggjarar med å meistre kvardagen og halde fram eit sjølvstendig og trygt liv i eigen heim. Du blir ein del av kvardagen til menneske som set pris på både hjelpa, tryggleiken og den gode kontakten du bidreg med. Stillinga kan også innehalde praktiske oppgåver og helsehjelp på sjukeheim.   Ein variert arbeidskvardag...
Nav
11/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar 61% stilling i p.t natt
Nav Sykkylven, Norway
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg! Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 61 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omgjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå dags dato. Eining Bu- og Rehabiliteringstenestene yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar som inkluderar mellom anna fleire bufelleskap, dagsenter, avlastingstenester og støttekontakt. Arbeidsoppgåver Helse, omsorgs og pleiefagleg oppfølging Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak Bidra til fagleg kvalitet  tråd med faglege og etiske retningsliner Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar Dokumentasjon i EPJ Førefallande arbeid...
Nav
11/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar natt - Vil du vere den som skaper tryggleik når andre søv? 
Nav Sykkylven, Norway
Ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS) har vi ledig fast 80 % stilling på natt for helsefagabeidar. Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bruke fagkunnskapen din til å gjere ein forskjell kvar natt? Vi søkjer ein helsefagarbeidar til fast nattstilling i eit inkluderande arbeidsmiljø der fagleg kvalitet og samarbeid står sterkt. 🌟 På natt er du ein del av eit team på 7 medarbeidarar som samarbeider tett for å gi brukarane våre tryggleik, omsorg og gode tenester. Du arbeider sjølvstendig, men aldri åleine. Det er alltid ein sjukepleiar på «topp». BUAS er ein variert arbeidsplass med 83 plassar fordelt på fem avdelingar, mellom anna demensomsorg, rehabilitering, korttidsopphald, KAD-plass og heildøgns omsorg. Du må påregne å jobbe i alle avdelingane. Kvifor velje oss? 💙 Du blir ein del av eit godt og stabilt nattevaktmiljø 💙 Du får varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar 💙 Du arbeider i ein organisasjon som set kvalitet og omsorg høgt 💙 Moglegheiter...
Nav
07/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar
Nav Dalsøyra, Norway
Om stillingane  Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:  I inntil 50% vikariat som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.    I inntil 33% fast stilling som helsefagarbeidar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.  Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.  Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.  Me tilbyr Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt  Gode pensjons- og forsikringsordningar Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling  Arbeidsoppgåver  Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane Andre oppgåver som måtte kome til...
Nav
07/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar 52,11% fast stilling på natt ved Kviteseid omsorgssenter
Nav Kviteseid, Norway
Vil du vere med å skape trygge netter for pasientane våre? Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 01.01.2027. Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, er fagleg engasjert og har eit hjarte for eldreomsorg. Som nattevakt er du med på å skape tryggleik, omsorg og verdigheit for pasientane våre gjennom natta. Du vil vere ein viktig del av teamet og bidra til at pasientane får gode og fagleg forsvarlege tenester. Arbeidsoppgåver · Gi helse- og omsorgstenester i tråd med gjeldande lovverk og kvalitetskrav · Observere, vurdere og rapportere endringar i pasientane sin helsetilstand · Bidra til tryggleik, omsorg og ro gjennom natta · Utføre pleie- og omsorgsoppgåver ut frå den enkelte pasienten sine behov · Dokumentere i elektronisk journalsystem · Bidra til godt samarbeid med kollegaer og andre faggrupper · Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid · Medverke til eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar · Autorisasjon som...
Nav
02/10/2026
Deltid
Helsefagarbeidar/Assistent 74% ved Rus- og psykiske helsetenester Utsikten Bufelleskap
Nav Rosendal, Norway
Omtale av stillinga  Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter helsefagarbeidar eller assistent med relevant erfaring til ledig 74% stilling fast i turnus, kombinsjon langvakter og ord.vakter.   Arbeid kvar 3.helg.   Arbeidstad på Valen, Utsikten Bufellesskap.  Som tilsett ved Rus og psykisk helsetenester skal ein arbeide ut frå eit recoveryperspektiv. Dette inneberer å ha fokus på ressursar, meistring, likeverd og fleksibilitet. Ein skal bistå brukarane i å nå eigne mål for ein betre kvardag med meining og meistring.   Tilsetting frå desember 2026.    Kvalifikasjonar   - Det er ynskjeleg med helsefagutdanning, men ikkje eit krav til stillinga.  - Erfaringskompetanse innan psykiatri vil vere eit føremon.  - Førarkort klasse B.    Personelge eigenskapar  - Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.   - Du må vere fleksibel og løysningsorientert.  - Du må ha gode kunnskaper i norsk skriftleg og munnleg.  - Du må vere over 18...
Nav
01/10/2026
Deltid
To faste 75 % stillingar som vernepleiar/helsefagarbeidar
Nav Byglandsfjord, Norway
Fjordtunet på Byglandsfjord er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 13 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester. Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta. Vi søkjer to vernepleiarar/helsefagarbeidarar i faste 75 % stillingar. Andre søkjarar med relevant helse- og sosialfagleg bakgrunn kan bli vurderte. Aktuelle søkjarar utan fagbrev må forplikte seg til å ta og fullføre fagbrev.  Arbeidsoppgaver Hjelpe til med personleg hygiene, ernæring og reinhald av...
Nav
29/09/2026
Deltid
Tilkallingsvikarar ved VHT - Helsefagarbeidar eller assistent
Nav Grindaheim, Norway
Vi ser etter engasjerte og omsorgsfulle tilkallingsvikarar (primært på helg) ved Vangsheimen og heimebaserte tenester. Som medarbeidar i VHT blir du ein viktig del av kvardagen til menneske som treng støtte, pleie og tryggleik.   Søknadane vert fortløpande vurdert. Arbeidsoppgåver Utøve helsehjelp i tråd med gjeldande krav og lovverk Praktisk bistand og rettleiing av brukarar Bidra til positivt samarbeid med pårørande Dokumentere i fagsystemet Profil Kvalifikasjonar Fortrinnvis helsefagarbeidar, men ufaglærte med erfaring kan søkje Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg Erfaring frå kommunal pleie-og omsorgstenester Kunnskap om bruk av IKT som verktøy Søkjar må vere minst 18 år Personlege eigenskapar Ha evne til å gje omsorg og tryggleik Vera fleksibel og ha tilpassingsevne Vere motivert, engasjert og strukturert Ha gode evner til samarbeid Vere sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initativ og til å sette seg raskt inn i nye...
Nav
14/10/2026
Deltid
Psykisk helse og rus - Blombakkane
Nav 5337 Rong, Norway
Om avdelinga: Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 38 % fast stilling vaken nattevakt. Bustaden er lokalisert på Straume. Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur og/eller får oppfølging frå bustaden. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse. Der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar, kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester. Arbeidsoppgåver: Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak Rettleiing Praktisk bistand Nettverksarbeid Koordinere tenestetilbod og delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe Utarbeide og følgje opp i høve individuell plan...
Nav
14/10/2026
Deltid
Geilneset har ledige nattevaktstillingar. 
Nav Langevåg, Norway
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagane. Kanskje er du vår nye kollega? Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- og søkjer deg med autorisasjon som helsefagarbeidar. Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar.  I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar og arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring. Vi har ledig: Geilneset 11: 1x 84% fast nattevaktstilling som autorisert helsefagarbeidar. Stillinga er ledig frå snarast. 1x 84 % vikariat på natt som autorisert helsefagarbeidar. Ledig frå snarast og til og med 22.08.27.   Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar...
Nav
14/10/2026
Deltid
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Nav Leikanger, Norway
Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.   Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet Oppfølging av ernæring Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Assistentar, elevar/studentar innan helsefag Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt Beherske norsk, skriftleg og munnleg Datakunnskap Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner For stilling i heimetenesta: førarkort Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Ha evne og interesse for eldreomsorg...
Nav
14/10/2026
Deltid
Psykisk helse og rus - Blombakkane
Nav 5337 Rong, Norway
Om avdelinga: Ved Psykiatribustader, Blombakkane er det ledig 40% fast stilling. Bustaden er lokalisert på Straume. Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. Avdelinga yter differensierte tenester til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Den ledige stillinga er knytt til eit døgnbemanna bustad med brukare som bur og/eller får oppfølging frå bustaden. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt fagmiljø, der du får god nytte av di faglege kompetanse. Der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar, kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester. Arbeidsoppgåver: Sikre at brukarar får naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve lovverk, retningslinjer og vedtak. Rettleiing Praktisk bistand Nettverksarbeid Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøta/ ansvarsgruppe Utarbeide og følgje opp i høve Individuell plan / tiltaksplanar...
Nav
14/10/2026
Deltid
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste
Nav Balestrand, Norway
Me søkjer no tilkallingsvikarar i Balestrand - me treng fleire vikarar på Balestrand helsetun og i heimetenesta. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.   Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet Oppfølging av ernæring Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Reinhold i brukars heim utifrå vedtak Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver Kvalifikasjonar: Assistentar, elevar/studentar innan helsefag Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt Beherske norsk, skriftleg og munnleg Datakunnskap Må vere over 18 år eller fylle 18...
Nav
07/10/2026
Deltid
Fjell sjukeheim
Nav Straume, Norway
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume og er ein sjukeheim med høg fagleg kompetanse og godt arbeidsmiljø. No søkjer vi ein engasjert helsefagarbeider som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag på vår somatiske avdeling. Som helsefagarbeidar hos oss jobbar du med ulike pasientgrupper, og får brukt heile breidda av kompetansen din. Vi legg vekt på individuelt tilpassa behandling, heilskapleg pasientforløp og faglege vurderingar i tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Vi har årsturnus med langvakter vekedag og helg. 15% av stillinga er knytt til timebank.   Om sjukeheimen: 52 pasientar totalt Somatisk avdeling: 44 pasientar (langtid, korttid og avlastning) Dementavdeling: 8 pasientar (rehabilitert, langtidspasienter) Tverrfagleg miljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, lege, servicemedarbeidarar og musikkterapeut Velferdsteknologi på alle rom Eige kjøken som serverer varm middag.  Vi er opptekne av kvalitet, samarbeid og...
Nav
06/10/2026
Deltid
Ledige helgestillingar - avdeling for personar med demens  
Nav Valestrandfossen, Norway
Om stillinga Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65  plassar fordelt på tre avdelingar, med tre-fire grupper i kvar avdeling. Kvar gruppe har 9-11 pasientar. Me har eige kjøkken og eigen lege.  Me søkjer assistentar og helsefagarbeidarar til helgestillingar på avdeling for pasientar med demenssjukdom.  Det er fleire ledige helgestillingar i stillingsstorleiken 16,67% og 17,14%, med arbeid kvar tredje helg, og 14,49%, med arbeid kvar fjerde helg.  I tillegg har vi et vikariat  på 21,6%, med arbeid kvar tredje helg ut 2026, med mulighet for forlenging. Før gjerne opp i søknadsteksten kva for stilling du er interessert i. På Osterøytunet nyttar vi moderne velferdsteknologiske løysingar, mellom anna nytt digitalt alarmsystem med mobile responsløysingar og RoomMate Me har fokus på utvikling, kompetansedeling og eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarane får bidra med erfaringar og vere del av utviklinga av tenestene. Kven søkjer vi etter? Me...
Nav
03/10/2026
Deltid
Tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset
Nav Hjelset, Norway
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Bli tilkallingsvikar som fastvakt ved SNR Hjelset! Har du erfaring med menneske og eit ønskje om å skape tryggleik for pasientar i ein sårbar fase? Vi søkjer tilkallingsvikarar til oppdrag som fastvakt (1:1) for pasientar med delirium og vandringstendens. Den viktigaste oppgåva di er å bidra til tryggleik, ro og nærvær gjennom miljøtiltak, støtte og omsorg. Tilsetjing vil skje fortløpande. Vi tilbyr: Fleksible vakter på dag, kveld og natt Meiningsfulle arbeidsoppgåver med stor verdi for pasientane Opplæring og støtte frå erfarne medarbeidarar Moglegheit til å utgjere ein viktig forskjell for pasientar og pårørande Ei trygg hand. Eit roleg nærvær. Ein viktig forskjell. Arbeidsoppgåver Vere til stades saman med éin pasient Bidra til tryggleik, struktur og ro Utføre miljøtiltak og førebyggje uro Observere og varsle pleiepersonell ved behov Ikkje ansvar for medisinsk behandling eller sjukepleiefaglege oppgåver...
Nav
03/10/2026
Deltid
ID 1045 Sjukepleiar, 80 % fast stilling på natt
Nav VESTLAND
Helse og omsorg Fitjar har ledig 80% fast stilling på natt, turnus med jobb kvar 3. helg Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Heimebaserte yter hjelp til bebuarar i eigen heim. Nattpatruljen har base på sjukeheimen og reiser ut på oppdrag etter avtale og tilkalling. Me har mange flotte medarbeidarar i eining for helse og omsorg, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Vikariatet kan bli forlenga. Me treng deg som: Er fagleg sterk Er strukturert og pliktoppfyllande Likar å ta ansvar og føl dette opp Er stabil og påliteleg Er kreativ og praktisk God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Har gode samarbeidsevne Har evne til å ta imot og gje...
Nav
19/09/2026
Deltid
Tilkallingsvikarar ved bu og miljøtenester
Nav Aurland, Norway
Om stillinga Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø! Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg! Om oss: Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar. Vi ser etter deg som: Er omsorgsfull og tolmodig Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg med langvakter og døgnvakter Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid Arbeid og ansvarsområde Avdelinga yter tenester til menneske med utviklingshemming, andre kognitive funksjonsnedsettingar og til personar med rus- og eller...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway