WorkNorway
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge
  • Logga in
  • Registrera dig
  • Jobb
  • Arbetsgivare
  • Jobbsökare
  • Om oss
  • Danmark
  • Vårdjobb Norge

147 seksjonsleiar jobb hittade

Filtrera sökning
Aktuell sökning
Heltid seksjonsleiar
Nav
15/07/2026
Heltid
Seksjonsleiar
Nav Volda, Norway
Medisinsk sengepost Volda har ledig fast stilling som seksjonsleiar frå 16.11.2026 Sengeposten har 30 sengeplassar og tek imot pasientar med eit stort spekter av diagnosar. Dette er ein arbeidsplass med god breidde i kompetanse. Seksjonsleiar er med i klinikken si leiargruppe og samarbeidar tett med dei andre seksjonsleiarane i Klinikk Volda. Klinikksjef er næraste overordna. Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV. Arbeidsoppgåver Ansvar for dagleg drift i seksjonen Samarbeide med andre seksjonar Fag-, personal- og resultatansvar Ansvar for ressursstyring Sikre fagleg forsvarlege tenester, pasienttryggleik og kvalitet i seksjonen Utvikle mål og handlingsplanar innanfor gjeldande rammer og strategiar Delta aktivt i leiargruppa i klinikken Leie omstilling og utviklingsarbeid i eigen seksjon Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon Relevant vidareutdanning i leiing og/eller relevant leiarerfaring kan...
Nav
03/07/2026
Heltid
Seksjonsleiar
Nav Kristiansund, Norway
Ønsker du ein spennande leiarjobb? Då har vi ledig stilling som seksjonsleiar til deg! Vi søkjer etter ein engasjert, positiv og dyktig leiar til 100 % fast stilling som seksjonsleiar ved Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund. Stillinga er ledig frå 01.09.2026. Klinikk for psykisk helse og rus består av 6 avdelingar og 33 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein av 4 seksjonar i Avdeling for Distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal.    Poliklinikken er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk, og tilbyr utgreiing- og behandlingstilbod innanfor individual- og gruppeterapi. Den tilbyr òg oppfølging til pårørande.  Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i grupper, og eventuelt medikamentell behandling. Poliklinikken har mellom anna kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, korttids- og langtids gruppebehandling og medikamentell behandling. Det er eit godt samarbeid med dei kommunale tenestene i...
Nav
03/07/2026
Heltid
Seksjonsleiar
Nav Ålesund, Norway
Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Dialyse Ålesund. Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag. Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.    Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen....
Nav
02/07/2026
Heltid
Vikar seksjonsleiar, påtaleseksjon Hordaland
Nav Bergen, Norway
Om stillinga Felles eining for påtale i Vest politidistrikt har ledig vikariat som politiinspektør SKO 0290 med funksjon som seksjonsleiar, med oppstart ca 1. oktober 2026. Stillinga er vikariat under foreldrepermisjon.  Seksjonsleiar er ein del av leiargruppa til leiar for Felles eining for påtale, saman med seks andre seksjonsleiarar. Seksjon Hordaland har mellom 10 og 15 tilsette påtalejuristar og har mellom anna ansvaret for alle straffesakene i Geografisk driftseining Hordaland som ikkje blir handsama av spesialseksjonane.   Seksjonen har dyktige og engasjerte juristar. Det er eit godt arbeidsmiljø blant juristane, med ein hektisk arbeidskvardag og med mange, til dels krevjande, saker. Stillinga er plassert i Bergen. Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av det viktige samfunnsoppdraget til politiet, skal vi førebyggje og få bukt med kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor...
Nav
22/07/2026
Heltid
Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Nav Ålesund, Norway
Er du interessert i samspel mellom teknologi og menneske? Seksjon for Medisinsk teknologi Sunnmøre har ledig eit vikariat som ingeniør/teknikar ved Ålesund sjukehus ut 2027. Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT, innføringsprosjektet for Helseplattformen og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi Ålesund har i dag 10 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på sjukehuset i Ålesund med tilhøyrande institusjonar. Eininga har dagarbeidstid og delar av seksjonen har beredskapsvakt utanom ordinær arbeidstid. Arbeidsoppgåver Utføre mottakskontroll, akutte reparasjonar og planlagt vedlikehald, samt omdisponering av MTU Dokumentere og ajourføre utført arbeid og informasjon for MTU i FDV-systemet Medusa Utarbeide risikovurderingar for planlagt vedlikehald av MTU Delta i innkjøpsprosessar ved...
Nav
22/07/2026
Heltid
Lege i spesialisering, psykiatri
Nav Bergen, Norway
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i vaksenpsykiatri eller for legar i behov av sideutdanning.   Er du interessert i å spesialisere deg i vaksenpsykiatri?  Er du ALIS og ønsker sjukehusteneste innen vaksenpsykiatri? Ønsker du vaksenpsykiatri som sideutdanning i eit anna spesialistløp?  Vi lyser nå ut to faste stillingar for LIS i vaksenpsykiatri ved Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus.  I vår divisjon satser vi på kontinuerleg utvikling av spesialistutdanninga, og at den skal halde høg kvalitet, i tråd med helsedirektoratets krav og samfunnets forventningar og behov. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Vi kan tilby teneste ved mange ulike læringsarenaer, og LIS får dekt alle utdanningskrav i vaksenpsykiatri. Som LIS i psykiatri hos oss vil du oppleve eit velorganisert og sømløyst...
Nav
21/07/2026
Heltid
Sjukehusprest/sjukehusdiakon/tru- og livssynssamtalepartnar
Nav Ålesund, Norway
Ledig vikariat for sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar –  inntil 100 % stilling ved sjukehusa i Volda og Ålesund! Helse Møre og Romsdal HF har ledig eit vikariat i inntil 100 % stilling som sjukehusprest, sjukehusdiakon eller tru- og livssynssamtalepartnar. Vi ønskjer søkjarar med relevant utdanning og kompetanse innan tru-, livssyns- og eksistensielle samtalar. Vi oppmodar kandidatar frå prestetenesta, diakonien og andre tru- og livssynstradisjonar til å søkje. Den utlyste stillinga omfattar arbeid ved sjukehusa i Volda og Ålesund, i tillegg til psykisk helsevern og rustenestene i området. Stillinga kan fordelast mellom éin eller fleire medarbeidarar. Vi oppmodar difor også søkjarar som ønskjer å arbeide ved berre éin av arbeidsstadene, eller som ikkje har høve til å fylle heile stillinga, om å sende inn søknad. Preste- og samtaletenesta er ei livssynsope teneste som tilbyr støtte og samtalar til pasientar og pårørande, uavhengig av religion, tru...
Nav
21/07/2026
Heltid
Lege i spesialisering, onkologi
Nav Hjelset, Norway
Vi søkjer ein lege i spesialisering med eit brennande engasjement for onkologi. Vi har ledig ei 100 % fast stilling frå 01.09.2026, med moglegheit for fleksibilitet når det gjeld oppstartsdato. Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal tilbyr eit breitt og framtidsretta krefttilbod ved fleire sjukehus i fylket: Kreftpoliklinikk, palliativt team, Pusterom og satellitt-Vardesenter ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset og i Kristiansund Onkologiske og palliative senger ved medisinsk sengepost på SNR Hjelset Kreftpoliklinikk, palliativt team og Pusterom i Volda Fylkesdekkjande sengepost, kreftpoliklinikk, stråleterapieining, palliativt team, Pusterom og Vardesenter i Ålesund Onkologi er eit spennande og variert fagfelt i rask utvikling. Nye behandlingsmetodar og stadig fleire behandlingsmoglegheiter gjer at faget er i kontinuerleg endring. Vi ser etter deg som trivst med fagleg utvikling, har interesse for moderne kreftbehandling og...
Nav
17/07/2026
Heltid
Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Nav Ålesund, Norway
Er du vår nye kollega? Vi søkjer etter ein motivert barne- og ungdomspsykiater ved eit av våre allmennpsykiatriske team i Ålesund. Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon i Ålesund. BUP Ålesund er samlokalisert med akutt sengepost og har eit breitt samansett og innovativt fagmiljø som gir spesialiserte behandlingstilbod til barn og unge og familiane deira. M.a. gir vi spesialisert behandling for OCD og angst etter 4-dagersmodellen. Vi tilbyr høgt spesialisert behandlingskompetanse i forhold til lidingar som spiseforstyrrelser (FBT), psykose bl.a. i form av PEF, vi gir behandling for traumer med bl.a. TF-CBT og EMDR. Vidare har vi eit aktivt gruppebehandlingsmiljø og bidreg i stor grad til utvikling av mentaliseringsbaserte gruppebehandlingsformer for ungdommar i fylket. Vi legg vekt på tett samarbeid med førstelinjetjenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse  er ei forventa...
Nav
16/07/2026
Heltid
Fagansvarleg FDV og teknisk dokumentasjon
Nav Bergen, Norway
Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune? Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon. No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning. Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet. Kvifor velje oss? Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling. Du blir ein...
Nav
15/07/2026
Heltid
Overlege, spesialist i psykiatri
Nav Bergen, Norway
Ønskjer du å gjere ein forskjell i psykiatrien? Vi søkjer ein engasjert overlege i psykiatri til Psykosepoliklinikken/FACT ved Kronstad DPS. Psykosepoliklinikken tilbyr eit veletablert, stort og fagleg sterkt arbeidsmiljø, og vi har no ledig 100 % fast stilling for overlege i psykiatri. Vi ser etter ein kollega som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit kunnskapsbasert og heilskapleg behandlingstilbod til menneske med psykoselidingar og samansette psykiske helseutfordringar. Som ein del av vårt framoverlente og innovative fagmiljø arbeider vi etter FACT-modellen (Flexible Assertive Community Treatment). Gjennom kombinasjonen av poliklinisk og oppsøkande behandling tilbyr vi fleksibel oppfølging tilpassa den enkelte pasienten sine behov. FACT-teamet gir tettare og meir intensiv støtte i kritiske fasar, med mål om å førebyggje kriser, redusere behovet for innlegging og styrkje meistring og funksjon i kvardagen. Psykosepoliklinikken tilbyr utgreiing, diagnostisering og...
Nav
15/07/2026
Heltid
Sjukepleiar - spesialsjukepleiar
Nav Lærdalsøyri, Norway
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag ved eit lokalsjukehus med breitt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter? Lærdal sjukehus har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar i kombinert stilling ved medisinsk sengepost og medisinsk poliklinikk. For intern søkjar kan stillinga bli organisert som 100 % ved medisinsk sengepost. Stillinga er i utgangspunktet ikkje planlagd delt. Er du spesialsjukepleiar og ønskjer å vere med på utvikling av nye tilbod ved poliklinikken, oppmodar vi særleg deg til å søkje. Arbeidstid Arbeid i snitt kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter i helg  Om medisinsk sengepost Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Vi tek imot pasientar med eit breitt spekter av medisinske problemstillingar innan mellom anna hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. Dei fleste innleggingane er augeblikkeleg hjelp. Om medisinsk poliklinikk Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging innan fleire indremedisinske fagområde,...
Nav
14/07/2026
Heltid
Lege i spesialisering innan fødselshjelp og kvinnesjukdomar
Nav Ålesund, Norway
Vil du bli ein av 8 Leger i spesialisering på føde- og gyn. i Ålesund? Vi har ledig ei 100% fast stilling frå 15.09.26, og eit 100% vikariat i 6 mnd med oppstart etter avtale. Seksjon for legar, gynekologi er ein del av Avdeling for kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering. Det er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingane i vår avdeling, f.eks. risikograviditetar frå svangerskapsveke 26 og vi utfører mange typar gynekologiske operasjonar. Dette gir lærerike og varierte arbeidsdagar. Vi har likevel ikkje stor nok mengde pasientar som avdelingar ved universitetssjukehus. Du må derfor til teneste ved universitetssjukehus for å få mengdetrening på fødeavdeling, operasjonar ved gynekologisk avdeling og gynekologisk kreftavdeling for å fullføre spesialistutdanninga. Storleiken på avdelinga gjer at overlegar og LIS jobbar tett saman. Vi har eit godt arbeidsmiljø og vi jobbar nært anna...
Nav
14/07/2026
Heltid
Sjukepleiar
Nav Volda, Norway
Vi har ledig eit vikariat i 80% og to i 100% Medisinsk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø og hyggelege, engasjerte kollegaer. Vi samarbeider tverrfagleg med eit tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling og omsorg. Sengeposten tek imot pasientar med eit breitt spekter av diagnosar og gir deg som sjukepleiar god breidde i kompetanse og erfaringar. For tida har vi 30 sengeplassar fordelt på tre grupper. Vil du bli ein del av laget vårt? Send oss søknaden din! Arbeidsoppgåver Delta i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg Samarbeide tverrfagleg kring pleie og behandling av pasientar Bistå i mottak og overføring av pasientar mellom ulike omsorgsnivå Eit breitt spekter av sjukepleiefaglege oppgåver, mellom anna palliasjon, medikamenthandtering, samarbeid med pårørande og førstelinjetenesta. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar 3. års sjukepleierstudentar som mottek autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2026 kan også...
Nav
10/07/2026
Heltid
Har du leiarerfaring og søkjer nye utfordringar?
Nav Bergen, Norway
Tolletaten har ei viktig rolle som samfunnsbeskyttar, og samfunnsoppdraget vårt er å sikre etterleving av lover og reglar for grensekryssande vareførsel. Brei og målretta verkemiddelbruk skal bidra til auka etterleving før, under og etter grensepassering. No har du høve til ein leiarjobb, med nasjonalt fagansvar og eit viktig samfunnsoppdrag. Tolletaten søkjer seksjonssjef til Seksjon for saksbehandling i Vareførselsdivisjonen (VD). Seksjonen er nyoppretta og i utvikling. Vi søkjer ein tydeleg og utviklingsorientert leiar som vil spele ei sentral rolle i å sikre effektiv, korrekt og lik handsaming av saker knytt til registrert vareførsel. Seksjon for saksbehandling har ansvar for eit breitt og viktig saksbehandlingsfelt som omfattar løyver, autorisasjonar, godkjenningar, sanksjonar og innsynssaker. Seksjonen er under oppbygging, og vil på sikt ha mellom 20 og 25 tilsette. Som leiar vil du rapportere til avdelingsdirektør for Avdeling for juridisk og saksbehandling (i Bergen), og...
Nav
09/07/2026
Heltid
Psykologspesialist/Psykolog
Nav Ålesund, Norway
Liker du å jobbe tett med andre faggrupper, pårørande og pasientar? Då vil vi gjerne ha deg på lag. Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist i nevropsykologi, med oppstart 01.01.2027 Seksjonen inneheld:  Sengepost med 20 rehabiliteringssenger, 4 rehabiliteringssenger på pasienthotell, ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innlegging Poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, inklusiv "Helse i arbeid" tilbod Som psykolog hos oss er du tilsett i poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, men ditt arbeid vil også vere i rehabiliteringssengeposten. Ved sengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar. Jobben vil bestå av oppfølging av pasientar innlagt i sengeposten, i hovudsak hjerneskadeteamet, rehabiliteringspoliklinikk og ambulante...
Nav
07/07/2026
Heltid
Sjukepleiar
Nav Ålesund, Norway
Medisin 5 er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer, og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Her har vi akutt medisinske pasientar med fagfelta: slag, geriatri og ortogeriatri. Vi har i tillegg pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Vil du ta del i ein arbeidsplass med stadig nye utfordringar, høgt tempo og mykje positiv energi? Ønskjer du ein kvardag der arbeidsglede, latter og positivitet pregar arbeidsmiljøet i seksjonen? Har du faglege ambisjonar og vil vere med på å vidareutvikle fagområdet vårt? Då håpar vi at akkurat DU søkjer!! Er du nysgjerrig på kven vi er, sjekk ut instagramprofilen vår @medisin5_hmr Vi har ledig: 1 x 100 % fast stilling 1 x 83 % fast stilling Stillingane er p.t i 3-delt turnus, med arbeid kvar 3. helg.  Om du ønsker langvakter og arbeid kvar 4.helg så er det også ein moglegheit. Oppstart etter avtale. Avhengig av søkarane og eventuell intern omrokkering er...
Nav
04/07/2026
Heltid
Vil du vere Nav sin eigedomsansvarlege på Leikanger?
Nav Leikanger, Norway
Nav økonomiteneste har ei nyoppretta stilling som eigedomsansvarleg. Vi søker etter ein strukturert og engasjert kollega som får ei sentral rolle i eigedomsforvaltning av Nav sine lokale på Leikanger. Du får ei viktig rolle i å sikre gode, trygge og framtidsretta løysingar for drift, utvikling og bruk av lokala – i samarbeid med både interne og eksterne aktørar.      Nav økonomiteneste (ØT) leverer landsdekkande økonomitenester for Nav, med ansvar for rekneskap, lønn, bestilling og faktura, utbetalingar og intern brukarstøtte. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle økonomiområdet og tilby effektive tenester som støttar det viktige samfunnsoppdraget til Nav. Vi er inne i ein spennande fase med utvikling på fleire område, også knytt til eigedomsforvaltning.  Arbeidsoppgaver Gjennomføre eigedomsprosessar i samarbeid med andre leigetakarar, direktorat og kommunar Forvalte leigeforhold, inkludert oppfølging av utleigar, ombygging og vedlikehald Følgje opp driftsavtalar for bygget,...
Nav
04/07/2026
Heltid
Psykologspesialist/psykolog
Nav Ålesund, Norway
Vil du vere med å vidareutvikle framtidas psykiske helsevern ved DPS Poliklinikk Ålesund? Vi søkjer ein engasjert psykologspesialist eller psykolog til fast stilling i våre allmennteam. Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med brei kompetanse innan utgreiing og behandling av psykiske lidingar, og får moglegheit til å bidra i utviklinga av eit framtidsretta og innovativt behandlingstilbod. DPS Poliklinikk Ålesund består av sju behandlingsteam; eit gruppebehandlingsteam, eit ROP-team, eit tidleg avklaringsteam og fire allmennteam med ulik fagleg profil. Allmennteama omfattar to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Dette gir høve til både breidde og fordjuping i klinisk arbeid. Hos oss blir du del av eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø med brei terapeutisk kompetanse. Vi arbeider mellom anna med intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP), emosjonsfokusert terapi (EFT), kognitiv åtferdsterapi (CBT), EMDR og Prolonged Exposure (PE), og legg...
Nav
03/07/2026
Heltid
Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Nav Kristiansund, Norway
Vil du vere ein del av teamet vårt? Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt ingeniør/teknikar til Seksjon for Medisinsk teknologi i Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Dette er ei spanande stilling der du får jobbe med vedlikehald/service og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr av ulike typar og teknologi. Seksjonen er organisert i stabsavdeling for E-helse og teknologi saman med IKT og innovasjon. Verdiane våre er "Kvalitet, tryggleik og respekt" og vårt slagord er "Nær, smidig og kompetent". Medisinsk teknologi SNR har i dag 11 stillingar og eininga forvaltar alt elektromedisinsk utstyr og anna medisinsk teknisk utstyr (MTU) på SNR Hjelset og SNR Kristiansund med tilhøyrande institusjonar.                  SNR Kristiansund har eit breitt tilbod innan poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. Det ligg planar for ombygging og tilpasning, noko vi på medisinsk-teknisk er sterkt involvert i. SNR Hjelset er eit nytt akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal. Du vil arbeide i sjukehus...
  • Hem
  • Kontakt
  • Om oss
  • Användarvillkor
  • NorgeGuiden
  • Arbetsgivare
  • Annonsera
  • Logga in
  • Referenser
  • Jobbsökare
  • Hitta jobb
  • Skapa profil
  • Logga in
  • Blogg
  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram
  • LinkedIn
© Sedan 2008 - WorkNorway