Vindafjord kommune Oppvekst
Ølen, Norway
Vindafjord kommune avdeling oppvekst har ein spennande fast 100% stilling som rådgjevar ledig frå 1. august. Som rådgjevar oppvekst jobbar du i team med barnehage og skulesjef og har mange varierte oppgåver i arbeidet med barn og unge. Rådgjevar oppvekst har ansvar for barnehage og skuleområdet. Me jobbar innafor eit bredt oppgåvefelt, med fokus på kvalitet og tverrfaglegheit. Me samarbeidar tett med området helse, kultur, barnevern og PPT for å tilby samansette heilskaplege tilbod til våre barn og unge. Vindafjord er ein kommune som tek barn og unge på alvor og me søker deg som brenner for barnehage og skule. Kva får du jobba med hos oss? Du får jobbe med ressursar Du følger opp tilskotsordningar Du får jobbe med statistikk og tal (GSI og BASIL) Du får jobbe med kurs og planleggingsdagar Du har ansvar for å følgja opp pedagogisk IKT plan og vidare koordinera og leia IKT rettleiarane på skulane Du får arbeida i team rundt barn og unge " Laget rundt barn og unge", LRBU...